Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Noregs Mållag er kritisk til framlegget til statsbudsjett:

Stortinget må ikkje gje avkall på språkpolitikken

 (06.10.2016)

– Kulturdepartementet fråskriv seg ansvaret for språkpolitikken når dei no vil gøyma han vekk frå den store budsjettdebatten der milliardane er til fordeling. Språkpolitikk og forvaltning av språka våre høyrer heime i Stortinget, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

I statsbudsjettet gjer Kulturdepartementet framlegg om å leggja løyvingane til ein del språkorganisasjonar og språktiltak inn under Språkrådet.

– Å flytta språkorganisasjonane ut på sidelinja gjer at seinare diskusjonar om løyvingane til desse tiltaka blir redusert til ein indre strid mellom ulike språktiltak. Dersom den samla ramma til Språkrådet går ned om eit par år, er det då kvensk eller bokmål vi skal slåst for at taper i kampen mot oss om midlane? spør Gro Morken Endresen.

– Vi bed Stortinget gjera vedtak om å vidareføra dei språkpolitiske tiltaka som eigne budsjettpostar på kulturbudsjettet, ikkje akseptera å mista ansvaret, seier Gro Morken Endresen. 

Ingen spenstige, nye tiltak

Noregs Mållag peikar på at regjeringa legg fram eit statsbudsjett som manglar visjonar for nynorskinstitusjonane. Nynorsk Forum, som samlar alle nynorskinstitusjonane, har sett opp ei samla prioritering. Der står auke i tilskotet for Nynorsk Pressekontor med 500 000 kroner øvst på lista. Dei treng auka løyving for å få vidareført satsinga saman med NTB på nynorske aktuelle saker og notisar. Denne tenesta er svært viktig for å sikra nynorske aviser og meir nynorsk i språkdelte aviser.

Dessutan har Nynorsk Forum prioritert driftstilskot på 1,2 millionar kroner til Vinje-senter i Vinje i Telemark, tilskot til Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK) og digitalisering av Norsk Ordbok med 1.3 millionar kroner.

– Ingen av desse tiltaka er til godesette. Vi er også sterkt uroa over at Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK) ikkje ligg i statsbudsjettet, seier Gro Morken Endresen. I budsjettet kan vi lesa at globaliseringa gjer at norsk språk er i ein pressa situasjon, og at dette rammar nynorsk meir enn bokmål - ei vurdering vi deler. Det gode svaret på den vurderinga finst ikkje i det budsjettet vi no har fått på bordet, avsluttar Endresen.

 

For meir informasjon og kommentararar:

Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 957 85 560

Bilete: http://www.nm.no/styre.cfm?path=10199

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no