Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Krav om nynorsk er ikkje konkurransevridande for Posten

 (11.10.2016)

 

– Nynorsk er inga vesentleg utgift for oss, seier Tone Wille, konsernsjef i Posten Noreg AS, på ei høyring i Stortinget.

Samferdsledepartementet la i vår fram stortingsmeldinga «Postsektoren i endring», og Noregs Mållag reagerte på framlegget om at Posten Noreg AS ikkje lenger skulle fylgje prinsippa i mållova. I eit avsnitt vart det hevda at dette kravet kunne vere ei ulempe i møte med konkurrentar i postsektoren.

Difor møtte Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, opp på Stortinget i dag, der Transport- og kommunikasjonskomiteen hadde invitert til ope høyring om meldinga.

– Staten har eit ansvar for å ta vare på og hegne om dei to norske språka. Skal eit språk bli brukt og vere levande, må det bli sett og lese. Å fjerne nynorsken frå Posten vil vere å ta ut endå ein liten bit av det puslespelet som sikrar nynorsken offisiell status, sa Aasbrenn til komiteen og bad om at dette avsnittet vart teke ut før saka skal handsamast i Stortinget.

Då det vart opna for spørsmål, stilte komitémedlem Magne Rommetveit (Ap) spørsmål om påstanden i meldinga. Hadde Posten rekna på kor mykje kravet om nynorsk kosta for verksemda?

Representantane frå konsernleiinga i Posten sa at dette var strengt teke eit politisk spørsmål som eigarane måtte avgjere, og sa at dei levde godt med dette kravet. Dei sa at det er utfordingar knytte til dei digitale løysingane, men slo fast at det er ein god tradisjon at det står Noreg på 25 % av frimerka.   

– Nynorsk er inga vesentleg utgift for oss, sa Tone Wille, konsernsjef i Posten Noreg AS.

– Me har ikkje rekna på kostnadane, og lever for så vidt godt me dei gjeldande vedtektene.

Etter høyringa var Aasbrenn glad for orda frå Wille.

– Bra! Dette syner at nynorsk ikkje er noko hindring, og at det er eit spørsmål om vilje. Den viljen reknar eg med både komiteen og Stortinget har, seier han.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no