Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

TV 2 må nytte nynorsk

 (19.10.2016)

I går kom mediemangfaldsutvalet med si delinnstilling om korleis Noreg i framtida kan finansiere ein kommersiell allmennkringkastar. Åmås-utvalet meiner det framleis skal stillast krav til ein kommersiell allmennkringkastar, men noko nynorskkrav nemner ein ikkje.

Noregs Mållag meiner det er sjølvsagt at kringkastaren, anten det er TV 2 eller andre, skal ha krav om å nytte begge dei to norske språka slik NRK har. TV 2 har med sitt sete i Bergen vore ein stabil leverandør av tekst og tale på nynorsk og dialekt.


– Framtidas kommersielle allmennkringkastar bør sjølvsagt ha krav på seg til å nytte både nynorsk og bokmål. TV 2 har gjennom to tiår vist at dette kravet fint går an å oppfylle - til det beste for sjåarar, lyttarar og lesarar, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Han vil peike på at plasseringa i Bergen har tent Noreg godt:
 Med NRK plassert på Marienlyst i Oslo har TV 2 på Nøstet i Bergen vore ei god motvekt. Den korte vegen til viktige nynorskområde har òg gjort sitt for rekrutteringa av dyktige nynorskjournalistar, seier Aasbrenn.

Det er bra at utvalet går inn for at Noreg skal bidra med finansiering:
– Noreg treng mediemangfaldet, og det bør vi vere med og betale for, seier mållagsleiaren.

Kulturminister Linda Hofstad Helleland har varsla at ei stortingsmelding om spørsmålet kan kome alt før jul.
– Det er berre å slå fast: Den stortingsmeldinga bør slå fast enkle, tydelege krav til framtidas kommersielle allmennkringkastar om å nytte nynorsk. Kvifor skal staten kaste store pengar etter nokon som ikkje skal følgje offisiell, norsk språkpolitikk? spør Aasbrenn.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no