Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk-kjendisar til Fredrikstad! Kjem du?

 (19.10.2016)

Østfold Mållag, Noregs Mållag og Samlaget inviterer deg til nynorsk festaftan i Fredrikstad tysdag 25. oktober klokka 19 på Litteraturhuset i Fredrikstad. Dette er ein del av festivalen «Hællæ nynorsk!» i Fredrikstad.

Du og alle dine vener er hjarteleg velkomne til å ta turen til Fredrikstad denne kvelden – og jammen vil de få utbytte av turen. Høyr berre her:

Samlaget blar opp eit heilt koppel med nynorske litterære kjendisar som tar turen til Fredrikstad på den store opnings-«festaftanen». Are Kalvø, Ragnar Hovland og Brit Bildøen stiller. Sist veke blei det også klart at delar av ei framføring frå Nationaltheatret blir flytta til Fredrikstad for ein kveld. Skodespelar-legenda Anne Marit Jacobsen framfører første del av Jon Fosses stykke «Morgon og kveld» til musikk av Benedicte Maurseth på fiolin. Framsyninga har hatt enorm suksess i hovudstaden og skal snart settast opp igjen. Forlagssjef Håkon Kolmannsskog er konferansier, og han skal blant anna intervjue lokal bokhandlar Bjørg Gjærdingen Ellefsen om Elena Ferrante-feberen som rår i Fredrikstad.

– Dette blir stort, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag og initiativtakar til festivalen saman med bystyredelegat Njål Benkestoch Kjølholdt Gustavsen.

– Vi gler oss stort til å gje folk noko av det beste den nynorske litteraturen har å by på, seier Håkon Kolmannskog, trønder og forlagssjef i Samlaget.

Festkvelden er det første arrangementet av mange i tre dagar. Når nynorsk-kjendisane er ferdige på scenen den 25. oktober, kan alle møtast i «Målbaren» der Alexander Hermansen underheld med songar på dialekt og litt av nynorskrepertoaret i Mads Bergs sangbok. Kvelden etter er det Pål Nielsen som rundar av kvelden i baren. Elles blir det kviss, debatt, foredrag om nynorske bøker på Fredrikstad bibliotek, vising av film med nynorsk tekst på Fredrikstad Kino, utstillingar og mange undervisningsopplegg på Frederik II vidaregåande skole når Noregs Mållag og Norsk Målungdom opnar årets Nynorskstafett i Fredrikstad.

Litterær festaftan i Fredrikstad blir tysdag 25. oktober klokka 19 på Litteraturhuset i Fredrikstad. Pris: 80 kroner Ting billettar i dag! Gjer det via nettet

For spørsmål, kontakt: Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, telefon 979 70 065 magne.aasbrenn@nm.no 

Les meir om festivalen her: https://www.facebook.com/haellaenynorsk/?fref=ts Sjå alle tilskipingane frå 25. 26 og 27. oktober i kalenderen

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no