Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tid for å melde seg på

 (20.10.2016)

Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Påmeldingsfrist er 1. november. Les meir på nettsida www.tidforti.no 

Dette er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn, og den inneheld ein antologi med tekstutdrag frå ti gode bøker på nynorsk tilpassa målgruppa. Tid for ti rettar seg både mot dei elevane som har nynorsk som hovudmål og elevar som skal ha nynorsk som sidemål på ungdomsskulen. Elevane og lærarane får tilgang til tekstane frå antologien, lydfiler av utdraga, bonusmateriell, aktivitetar, konkurransar og lærarrettleiing.

I januar i år vart det sendt ut bøker til 12 000 elevar. Både nynorskelevar og bokmålselevar. Foreningen Les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar står bak tiltaket. Dei vonar på like stor deltaking når bøkene vert sendt ut i januar 2017.

Påmeldingfristen er sett til 1. november. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no