Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyringsrunde!

 (25.10.2016)

Dei tre vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har blitt samde om ein intensjonsavtale som skal vera grunnlaget for å slå saman dei tre fylka til eitt.

Noregs Mållag er svært kritisk til at det i intensjonsavtalen ikkje vert slege fast at ein eventuell ny vestlandsregion skal ha nynorsk som administrasjonsmål og krevja nynorsk i skriv frå statsorgan.

Dei tre fylka har vedteke at avtalen skal ut på høyring til innbyggjarane. Endeleg avgjerd om eventuelt samanslåing skjer på fylkestinga i dei tre fylka i desember. 

Noregs Mållag er svært kritisk til at det i intensjonsavtalen ikkje vert slege fast at ein eventuell ny vestlandsregion skal ha nynorsk som administrasjonsmål og krevja nynorsk i skriv frå statsorgan.
I dag har både Hordaland og Sogn og Fjordane gjort vedtak om nynorsk både som administrasjonsmål og i skriv frå staten. Rogaland er språknøytral, dvs. at tilsette og statsetatar sjølve kan velja om dei vil bruka nynorsk eller bokmål.

Om den nye Vestlandsregionen ikkje gjer vedtak om nynorsk, vil det berre vera i Møre og Romsdal nivået mellom stat og kommune vert administrert på nynorsk. Det vil vera eit stort tap for statusen til nynorsk om han nesten vert utradert som offisielt språk på regionnivå.

Berre nynorsk er godt nok!


Under finn du:
a) Høyringsvar frå Noregs Mållag
b) Sju grunnar om kvifor nynorsk
c) Tips om korleis du skriv høyringssvar og fristar
d) Døme på høyringssvar
e) Pressemelding om regionssaka
f) 13 argument om språk i Vestlandsregionen (Nynorsk Kultursentrum)
g) Språkreglar for Vestlandsregionen (Nynorsk Kultursentrum)

 

a) Høyringssvar frå Noregs Mållag

Les brevet her.

b) Sju grunnar om kvifor nynorsk

1 Lang tradisjon: Vestlandet har lange nynorsk­tradisjonar. 67 av kommunane er nynorskkommunar, medan berre 3 er bokmålskommunar og 15 har ve­dtak om at dei er språkleg nøytrale.

2 Dårlegare vern: I dag er nynorsk administrasjons­språket i både Sogn og Fjordane og Hordaland. Rogaland er språknøy­tralt. Om ein ny storregion ikkje skal ha nynorsk, vil det svekkja statusen til nynorsk i regionen. Utan nynorskvedtak vil hundretusenvis av nynorskbrukarar få eit dårlegare vern om språket sitt enn dei har i dag.

3 Nøytralitet = bokmål: Nøytralitet må ikkje forvekslast med jamstelling. Utan språklege ret­ningsliner vinn det største språket. Det er røynslene frå både kom­munar, fylkeskommunar og statlege verksemder. Språkval kan aldri vera nøytrale, ein må anten velja det eine eller det andre. Vestlandet må velja nynorsk.

4 Norsk språkpolitikk: Staten, kommunen og fylkeskom­munen har eit språkpolitisk ansvar for språka våre. Offisiell norsk språkpolitikk legg opp til styrking av nynorsk i offentleg målbruk.

5 Viktig tekstprodusent: Nasjonalt representerer nynorsken eit språkleg mindretal. Dei som skriv bokmål, ser språket sitt rundt seg heile tida, medan dei som skriv nynorsk, ofte må leita for i det heile å finna språket sitt i media, i bøker og på internett. Den store produksjonen av nynorsk tekst i fylkeskommunane inn i havet av bokmålstekst er eit viktig bidrag for å gjera nynorsken synleg.

6 Ryggstø for dialektane: Same om du skriv nynorsk eller bokmål – det er nynorsk som er fellesnemnaren for dialektane på Vestlandet. Ved å halda på nynor­sken gjev vi rom for dialektmang­faldet.

7 Eit nynorsk kjerneområde er viktig for heile landet: Den sterke posisjonen nynorsken har i vestlandsfylka, er ein av dei viktigaste grunnane til at staten og pressa i Oslo og elles i landet bruker nynorsk frå tid til anna. Det styrkjer at sidemålsordninga finst og gir nynorsken ei tyngd som gjer at også personar som bur utanfor kjerneområdet, får ryggstø til å skriva nynorsk i kvardagen.

 

c) Tips om korleis du skriv høyringssvar og fristar

Det er ope for alle å senda inn høyringssvar. Noregs Mållag oppmodar alle, både enkeltpersonar, lag og organisasjonar, til å senda svar og peika på alvoret i språkspørsmålet
Eit høyringsvar er ikkje noko anna enn eit brev eller ein e-post som argumenterer for eit syn i saka.

1. Ta til med ei setning som syner til at det er høyring om regionreforma.

2. Argumenter for kvifor du/de meiner nynorsken vil koma dårlegare ut av ei regionreform og kvifor det er viktig at ein eventuell ny region både har nynorsk administrasjonsspråk og vedtek nynorsk i skriv frå statsorgan. Nokre argument finn de over.

3. Skriv under med fullt namn / namn på lag.

Sogn og Fjordane:
Høyringsfristen er 23. november.
Saka er lagt ut til høyring: http://www.sfj.no/sei-meininga-di-om-vestlandsregionen.5920847-345564.html
Postmottak i Sogn og Fjordane fylkeskommune er: post@sfj.no
Liste over representantar i Sogn og Fjordane: 
http://www.sfj.no/fylkespolitikarane.361166.nn.html 

Rogaland:
Høyringsfristen er 25. november. 
Saka er lagt ut til høyring: http://www.rogfk.no/Aktuelt/Regionreformen-paa-hoering
Fylkestinget der har lagt ut fem moglege alternativ til ein ny regional struktur. Dei ynskjer grunngjevne synspunkt til alle dei ulike alternativa.
Dei ber om at høyringsuttale vert sendt på e-post til firmapost@rogfk.no
Liste over representantar i Rogaland: 
http://www.rogfk.no/Politikk/Fylkestinget

Hordaland:
Høyringsfristen er 30. november. 
Saka er lagt ut på høyring: http://www.hordaland.no/nn-NO/politikk/du-kan-paverke/open-hoyring---etablering-av-vestlandsregionen/
Dei ber om å få høyringssvar sendt til e-post: hfk@hfk.no
Liste over representantar i Hordaland: 
http://einnsyn.hfk.no/eInnsyn/Dmb/Details/1

 

d) Døme på høyringsbrev

"Vestlandsregionen må vera nynorsk
Dei tre fylkeskommunane Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har no sendt på høyring intensjonsplanen som skal danna grunnlag for ein eventuell vestlandsregion.
Me vil i samband med høyringa koma med nokre synspunkt.

Vestlandsregionen må ha nynorsk administrasjonsspråk:
Me er kritiske til at det i intensjonsavtalen ikkje vert slege fast at ein eventuell ny vestlandsregion skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Ein eventuell ny region må administrerast på nynorsk.
I dag har både Hordaland og Sogn og Fjordane gjort vedtak om nynorsk administrasjonsspråk. Rogaland er språknøytral, dvs. at tilsette og statsetatar sjølve kan velja om dei vil bruka nynorsk eller bokmål. Om den nye Vestlandsregionen ikkje gjer vedtak om nynorsk, vil det berre vera i Møre og Romsdal nivået mellom stat og kommune vert administrert på nynorsk. Det vil vera eit stort tap for statusen til nynorsk om han nesten vert utradert som offisielt språk på regionnivå. Utan nynorskvedtak vil hundretusenvis av nynorskbrukarar få eit dårlegare vern om språket sitt enn dei har i dag.
Nøytralitet må ikkje forvekslast med jamstelling. Utan språklege ret­ningsliner vinn det største språket. Det er røynslene frå både kom­munar, fylkeskommunar og statlege verksemder. Språkval kan aldri vera nøytrale, ein må anten velja det eine eller det andre. Vestlandet må velja nynorsk.
Staten, kommunen og fylkeskom­munen har eit språkpolitisk ansvar for språka våre. Offisiell norsk språkpolitikk legg opp til styrking av nynorsk i offentleg målbruk.
Nasjonalt representerer nynorsken eit språkleg mindretal. Dei som skriv bokmål, ser språket sitt rundt seg heile tida, medan dei som skriv nynorsk, ofte må leita for i det heile å finna språket sitt i media, i bøker og på internett. Den store produksjonen av nynorsk tekst i fylkeskommunane inn i havet av bokmålstekst er eit viktig bidrag for å gjera nynorsken synleg.

Vestlandsregionen må få skriv frå alle statsorgan på nynorsk: 
Det er fylkestinget som avgjer kva språk dei krev å få skriv frå staten på. Desse vedtaka blir kalla målvedtak og gjeld for alle delar av statsforvaltninga.
Vestlandsregionen må gjera eit slikt målvedtak og krevja at staten vender seg til dei på nynorsk.

Kvifor nynorsk?

1 Lang tradisjon: Vestlandet har lange nynorsk­tradisjonar. 67 av kommunane er nynorskkommunar, medan berre 3 er bokmålskommunar og 15 har ve­dtak om at dei er språkleg nøytrale.

2. Ryggstø for dialektane: Same om du skriv nynorsk eller bokmål – det er nynorsk som er fellesnemnaren for dialektane på Vestlandet. Ved å halda på nynor­sken gjev vi rom for dialektmang­faldet.

3. Eit nynorsk kjerneområde er viktig for heile landet: Den sterke posisjonen nynorsken har i vestlandsfylka, er ein av dei viktigaste grunnane til at staten og pressa i Oslo og elles i landet bruker nynorsk frå tid til anna. Det styrkjer at sidemålsordninga finst og gjev nynorsken ei tyngd som gjer at også personar som bur utanfor kjerneområdet, får ryggstø til å skriva nynorsk i kvardagen."


e) Pressemelding om regionssaka

Nyhendesak om Vestlandsregionen. Les saka her.
 

f) 13 argument om språk i Vestlandsregionen (Nynorsk Kultursentrum)

Les argumenta her.

 

g) Språkreglar for Vestlandsregionen (Nynorsk Kultursentrum)

Eit ønskt vedlegg til intensjonsplanen. Framlegg frå Nynorsk kultursentrum 30.9.2016. Les det her.

 

h) Språkfakta om Vestlandsregionen (Nynorsk Kultursentrum)

Fakta om nynorskbruk på Vestlandet. Les det her.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no