Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållagsmøte i Lom og Skjåk

 (30.10.2016)

Noregs Mållag inviterer alle som bur i Lom og Skjåk til mållagsmøte på Gjeilo skule. Kirsti Lunde, dagleg leiar i Norsk Målungdom og sjølv lomvær, er med på møtet.

I dag er det heile 32 medlemer i desse to kommunane. Nokre står som medlem i Mållaget Ivar Kleiven og nokre står som medlem i Skjåk Mållag. Noregs Mållag har medlemer over heile landet, og vi er fordelte i lokallag og fylkesmållag. Det er heilt klart at nynorsken vert styrkt av å ha lag lokalt, og denne kvelden spør vi om vi kan få til eit felles mållag for Lom og Skjåk.

Vi inviterer til mållagsmøte tysdag 1. november klokka 19.00 på Gjeilo skule. Vi har på førehand vore i kontakt med fleire medlemer og andre, og veit det er interesse for å få til eit lag.

Innleiing: Nynorsk – kvifor ikkje? ved Kirsti Lunde, dagleg leiar i Norsk Målungdom. I tillegg kjem Hege Lothe, informasjons- og organisasjonskonsulent i Noregs Mållag. På møtet kjem òg Øystein Skjæveland som har med seg gitaren sin. Vi vonar å få til eit innlegg om Diktarhuset i Lom, og elles kan det vere andre emne som du tykkjer vi skal diskutere. Då gjer vi gjerne det.

Ta gjerne kontakt med Hege Lothe om det er noko du vil spørje om på førehand. Kanskje du har nokre gode råd på vegen? Telefon: 926 48 348 eller e-post: hege.lothe@nm.no  

Ein treng ikkje å vere medlem i Mållaget for å kome på møtet. Alle er velkomne! Medlemskap kan me alltid ordne etterkvart. Ta gjerne med deg nokon du kjenner.

Det vert enkel og god servering.  Alle er velkomne! Medlemskap kan me alltid ordne etterkvart. Ta gjerne med deg nokon du kjenner.

Tysdag 1. november og onsdag 2. november er Nynorskstafetten på besøk i Lom og Skjåk.

For 4. året på rad reiser Noregs Mållag og Norsk Målungdom på Nynorskstafetten. Denne hausten reiser vi i nesten fire veker. Vi byrjar i Fredrikstad tysdag 25. oktober, reiser vidare til Gudbrandsdalen, Romsdalen og deretter Nordmøre. Vi har ein stafettbil som vi fyller opp med materiell og folk frå Mållaget og Målungdomen. Så set vi (stort sett) av éin dag i kvar kommune. Vi prioriterer å vitje kommunar med mykje nynorsk i kommunen og skulen. Vi møter barnehageungar, elevar på barneskulen, ungdomsskulen og vidaregåande skule, gjerne saman med lokale målfolk. Vi møter barnehagetilsette, lærarar, rektorar, styrarar, kultursjefar, ordførarar, journalistar og næringslivsfolk. Vi prøver å treffe så mange som mogleg, blant yrkesgrupper som er viktige for nynorsken i kvardagen.

Noko av programmet desse dagane i Ottadalen: 

Måndag 31. oktober:

08.00 Besøk hjå Vågå ungdomsskule (10. klasse)

10.00: Besøk i Lalm barnehage: Vi held samlingsstund for ungane.

19.00: Samling i Mållaget. Utdeling av målrospris, prat om nynorsk i næringslivet, i samfunnslivet og i kommunen. Mållaget Ivar Kleiven inviterer på Friviljugsentralen i Vågå.

Tysdag 1. november:

10.00: Besøk i Loar barnehage: Vi held samlingsstund for ungane. 

10.25: Besøk på Nord-Gudbrandsdalen vgs avd. Lom

12.00: Besøk på Lom folkebibliotek

19.00: Mållagsmøte for Lom og Skjåk på Gjeilo skule

Onsdag 2. november:

08.30: Besøk på Marlo barneskule (6. og 7. klasse)

10.00: Besøk på Skjåk ungdomskule (9. klasse)

10.15: Besøk på Dønfoss naturbarnehage: Vi held samlingsstund for ungane.

13.00: Besøk i Bismo barnehage: Vi held samlingsstund for ungane.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no