Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gledeleg løft frå Venstre

 (03.11.2016)

– Nynorsken og nynorskbrukarane treng det løftet som Venstre vil gi oss, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– I det alternative budsjett frå Venstre har dei lagt inn ein «nynorskpakke» som inneber ei satsing på nynorskinstitusjonane, seier Magne Aasbrenn. Både Nynorsk avissenter, Nynorsk pressekontor, Vinje-senteret og digitalisering av Norsk Ordbok er inne i Venstre sitt alternative budsjett.

– Dette er midlar som nynorskorganisasjonane treng. Med beskjedne budsjett får dei til mykje for nynorsk skriftkultur og for at nynorskbrukarane skal sjå meir av språket sitt rundt seg. Spesielt er eg glad for at Venstre vil gi midlar til Vinje-senteret, som eg trur kan bli veldig viktig for nynorsken på Austlandet, seier Magne Aasbrenn.

I tillegg slår Venstre fast at språkpolitikken framleis skal styrast frå Stortinget og vil såleis ikkje samle støtta til språkorganisasjonane i ein pott og legge han under Språkrådet. Dette er heilt i tråd med det Noregs Mållag kravde på høyringa om statsbudsjettet i førre veke.

Mållaget håper likevel at Venstre greier å finne ei løysing for heile driftsløyvinga for LNK (1,5 mill.) og skulle ønskje at dei hadde sagt noko om midlar til Odda-modellen.

Dette ligg inne i Venstre sitt alternative budsjett:

Nynorsk avissenter +0,5 mill.
Nynorsk pressekontor +0,5 mill.
Nynorsk kultursentrum (Vinje-senteret) 1,2 mill.
Digitalisering og oppdatering av Norsk Ordbok 1,3 mill.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar 300’

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no