Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Verdfulle møte på Nynorskstafetten

 (03.11.2016)

For fjerde år på rad reiser Noregs Mållag og Norsk Målungdom på Nynorskstafetten. 

– I haust reiser vi i nesten fire veker, og prøver å treffe så mange som mogleg. Vi byrja i Fredrikstad 25. oktober og reiste vidare til Gudbrandsdalen. No står Romsdalen og Nordmøre for tur, fortel Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag. 

I Skjåk kommune møtte Kirsti Lunde (i midten) frå Norsk Målungdom og Hege Lothe frå Noregs Mållag, ordførar Elias Sperstad. Han fekk overrekt nynorskstafettpinnen med oppmodig om å bruke nynorsken aktivt. Skjåk kommune er nynorskkommune, og han lytta interessert til innspel som kom i møtet. 

Mykje av tida på Nynorskstafetten vert brukt i barnehagar og i skulen, gjerne saman med lokale målfolk. Her får elevane bokgåver og anna materiell, inkludert Noregs Mållag sitt eige song- og teiknehefte. På ungdomsskulane og vidaregåande har Målungdomen sine skreddarsydde opplegg for elevane.

– Nynorskelevane treng å bli heia fram og det vil vi gjerne vere med på, fortel Hege Lothe, som har vore med på stafettbilen siste veka. 

I førre veke var Nynorskstafetten i Gausdal. Der er det i dag bokmål i skulen, men både i kommunen, barnehagane og i skulen var det semje om å ha med seg nynorsken vidare. 

Kommunar med mykje nynorsk i kommunen og skulen vert prioriterte.
– Det er veldig gjevande å treffe ordførarar, skuleleiing og dei tilsette i barnehagar og på skular. Hege Lothe legg vekt på at nokre kommuneadministrasjonar vert minna på å bruke meir nynorsk, medan andre får ros for at dei medvite brukar nynorsken i den kommunale kvardagen. Nokre stader møter me også nynorske verksemder, som er viktige for å gjere nynorsken synleg.

– Vi fyller opp stafettbilen med materiell og folk frå Mållaget og Målungdomen. Vi set stort sett av éin dag i kvar kommune, seier Gro Morken Endresen. Landsmøtet i Noregs Mållag ynskjer denne satsinga, og set av pengar til å reise på nynorskstafett kvart år.

Sidan starten i Fredrikstad har stafettbilen vore innom Gausdal, Lillehammer, Sør-Fron, Nord-Fron, Sel, Vågå, Lom og Skjåk. I dag er vi i Lesja og i morgon på Dovre.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no