Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

LO-tilsette skipar Mållag

 (10.11.2016)

– Arbeidarrørsla og me i LO har lenge vore vener av målsaka, sjølv om det ikkje er den me har prioritert, seier Gerd Kristiansen, leiar i LO, og ynskte Noregs Mållag velkomne til historisk møte på Folkets hus i Oslo.

Dei tilsette i LO-administrasjonen skipar no lokallag i Noregs Mållag.

– Eit viktig første steg for å styrkja dei språklege rettane for tilsette, meiner LO-leiar Gerd Kristiansen.

For hundre år sidan kunne ein karikera målsaka med at medan Europa gjekk til revolusjon, krangla me i Noreg om korleis me skulle stava han. Onsdag signa leiar Gerd Kristiansen skipingsmøtet til LO sitt eige lokallag i Noregs Mållag. Sjølv røpa Gerd Kristiansen at ho har vore medlem i mållaget nokre år, og at manuset hennar for dagen var skrive på nynorsk. Det trass i hennar klare Harstad-dialekt.

Om lag 200 personar jobbar sentralt i LO, og mellom seg produserer dei ein del tekst. Både til seg sjølve, og til forbund, klubbar og medlemer. LO-sekretær Are Tomasgard kunne fortelja at forbund og klubbar jamleg spør om ulike dokument finst i nynorsk utgåve.

– Den første målsettinga må vera å få fleire dokument på nynorsk. Å sjå språket ofte er viktig for å kjenna seg trygg på å bruka det, seier Gerd Kristiansen. Slik håpar LO-sjefen å unngå at tilsette legg om til bokmål berre fordi det er lettvint.

Plukkar den nedste frukta

LO-sekretær Are Tomasgard leidde møtet, og i vår vitja han landsmøtet til Noregs Mållag. Då strekte han ut ei hand frå fagrørsla til målrørsla, som dei no tek eit steg vidare.

– Me må byrja med dei små stega og plukka fruktene som heng nedst. Eg håpar me kan byggja eit fundament solid nok til at me seinare kan ta nokre større steg, fortalde han møtelyden.

Både Gerd Kristiansen og mållagsleiar Magne Aasbrenn la vekt på kampen for språklege rettar. Aasbrenn vil ikkje at nynorskbrukarar skal stå med lua i handa når dei flyttar til Oslo for å arbeida.

– Eg er glad du brukte omgrepet «stå med lua i handa», for det er noko me kjenner oss att i her. Eg har ikkje tenkt på det at nynorskbrukarar kjempar for sine rettar, slik arbeidsfolk kjempar for sine. Men det er jo sant, seier Gerd Kristiansen.

Treng haldningsarbeid

LO-leiaren fortalde at på veg inn til møtet møtte ho slengmerknadar om nynorsk frå andre tilsette på bygget ho møtte på vegen.

– Me må gjera ein jobb med haldningar for å tryggja reell jamstilling for dei tilsette, og me treng eit mållag om me skal få gjort den jobben, seier Gerd Kristiansen.

Mållagsleiar Aasbrenn trur det vert ein stor styrke for mållaget elles å visa til samarbeid med LO. No tel mållaget om lag 12.000 medlemer, medan LO organiserer om lag 920.000 arbeidstakarar.

Skipingsmøtet onsdag valde mellombels styre og namn. Leiar i det som no heiter Mållaget i LO-administrasjonen er LO-sekretær Are Tomasgard. Han har med seg skrivar Øyvind Rongevær og kasserar Arvid Ellingsen. Dei skal førebu og halda årsmøte innan 28. februar 2017.

Martin Årseth, NPK
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no