Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nytt Eide og Fræna Mållag

 (15.11.2016)

Eide og Fræna Mållag oppattskipa etter tjue år utan aktivitet. 

– Det har vore stor interesse for å starte opp att, og mange er interesserte i å melde seg inn og skape aktivitet, seier Øyvind Fenne, mellombels leiar i laget. 

På søndag kveld var det eit godt vitja oppstartsmøte i Elnesvågen i Romsdalen. Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag og Synnøve Marie Sætre, leiar i Norsk Målungdom, var til stades på møtet. Dei to er i framsetet på Nynorskstafettbilen den siste av fire stafettveker denne hausten.

Eide og Fræna Mållag i Romsdalen har ikkje hatt aktivitet sidan 1996, men har no, etter 20 års "svevn", valt eit interrimstyre. Dei skal syte for å kalle inn til ordinært årsmøte innan februar 2017. 

– Dei to kommunane Eide og Fræna skal slå seg saman, og dette vert den viktigaste saka å følgje med på vidare, seier Øyvind Fenne. 

Bilete av det mellombelse styret: Frå venstre: Synnøve Valle, Øyvind Fenne, Odd Arne Halaas, Rune Iversen og Anne Berit Myrbostad. Anne Kringstad Grønvik er også i styret.

Vil du bli med i Eide og Fræna Mållag? Meld deg inn via nettsida vår: http://www.nm.no/innmelding.cfm og skriv Eide og Fræna som ynskt lag. 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no