Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstafetten på Nynorsk bar

 (17.11.2016)

I dag, fredag 18. november, er Nynorskstafetten i Sunndal på Nordmøre. Det er siste dag av Nynorskstafetten og den vert avslutta med Nynorsk bar. 

Biletet er i frå møtet med Surnadal kommune på torsdag: Overlevering av stafettpinnen frå Noregs Mållag. Frå venstre Inger Nordby, Magne Aasbrenn, Nils Ulvund og Råg Ranes. (Foto: Surnadal kommune) 

Magne Aabrenn, leiar i Noregs Mållag, og Nils Ulvund, leiar i Sunndal Mållag, skal ha samtaler med tilsette i Sunndal kommune. Og klokka 15.00 blir det stand i Sunndal sentrum saman med Norsk Målungdom. 

Synnøve Marie Sætre, leiar i Norsk Målungdom, byrjar dagen med å vitje 1. klasse påbygg på Tingvoll vgs. Deretter vert ho også med på stand. Etter standen køyrer ho stafettbilen til Oslo. Medan Magne Aasbrenn har meir moro å bli med på.

Nynorsk bar: Sunndal Mållag inviterer til Nynorsk bar på Øra kafe fredag kveld frå om lag 20.30-tida. Det vert ein uformell kveld der Svein Sæter skal intervjue Magne Aasbrenn. 

Laurdag 19. november er det haustsamling i Nordmøre Mållag i Tingvoll. Programmet er lagt ut her.  

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no