Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Svigerinnenes draum

 (22.11.2016)

Nissedal Mållag har gjeve Målprisen til Lena Holskar Sanden som eig og driv Svigerinnenes draum i Treungen i Nissedal. Det var Harald Valle, leiar i Nissedal Mållag, som delte ut prisen.              (Foto: Olav Jakob Tveit)

– I fleire år har Nissedal Mållag hatt gleda av å kunne gje Målprisen til ulike lag og verksemder i kommunen vår. Me synest det er særleg gildt når folk i næringslivet brukar nynorsk i reklame, på plakatar og skilt, i oppslag og på heimesider, seier Harald Valle, leiar i Nissedal Mållag. 

Denne venda gjekk Målprisen til ein butikk som ligg vegg i vegg med Spar/Jakob Tveit, ein av dei tidlegare målprisvinnarane. Frå fyrste dag har butikken som heiter Svigerinnenes draum, nytta nynorsk og dialekt. Innehavaren, Lena Holskar Sanden, kom fram og fekk velfortent målprisdiplom og blomar. Følg Svigerinnenes draum på Facebook

Overrekkinga skjedde på bygdakvelden til Nissedal Mållag og Nissedal bygdekvinnelag. Dei har i  fleire år samarbeidt om å stelle til bygdekveldar. Fyrste fredagen i november var det igjen tid for ny tilstelling på Mila aktivitetssenter. 

Pressemelding / Tor Valle
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no