Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ein siger for nynorskelevane i ungdomsskulen

 (22.11.2016)

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe tok initativet til å få til eit fellesframlegg i Stortinget. (Foto: Senterpartiet) 

Stortinget vedtok i dag å greie ut om retten til opplæring på eige språk skal utvidast til også å gjelde elevar i ungdomsskulen.

– Det er veldig viktig at Stortinget no har vedteke å greie ut språkdelt ungdomsskule. I dag er det mange elevar som har hatt nynorsk på barneskulen som berre får tilbod om bokmålsopplæring når dei byrjar på ungdomsskulen. Erfaringane frå mellom anna Odda syner at språkdelt ungdomsskule hindrar fråfall frå nynorsken, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Fram til no er det berre elevar i barneskulen som er sikra retten til opplæring på eige språk. Med dette vedtaket ligg det til rette for at også elevar på ungdomsskulen skal vere sikra denne retten.

– Dette er ein siger for nynorsken. Stortinget har med dette sett at nynorsken er truga og er bekymra for at for mange elevar ikkje får tilbod om nynorsk på ungdomsskulen. No skal ein greie ut om retten til opplæring på eiga målform også for elevar på ungdomsskulen. Det betyr at vi er på god veg mot ein betre skulekvardag for nynorskelevane, seier Kjersti Toppe, stortingsrepresentant for Senterpartiet, som saman med Arbeiderpartiet, KrF, Venstre og SV, kom med framlegget. Kunnskapsministeren har opplyst at han vil greie ut behovet for, og kostnaden ved, å innføre ei nasjonal ordning tilsvarande Odda-modellen i løpet av våren 2017.

Kjersti Toppe og ungdomar i Odda Målungdom. (Foto: Odda Mållag) 

Det er mellom 40 og 50 kommunar i Noreg i dag med ungdomsskular der det kan vere aktuelt å språkdele elevane. Her er talet på nynorskelevar så stort at dei etter lova ville ha rett til å gå i ei eiga elevgruppe om dagens ordning også omfatta 8.–10. klasse.

I vedtaket i dag står det: «Stortinget ber regjeringa utreie ei endring av opplæringslova § 2-5 og andre moglege tiltak som kan sikra elevar på ungdomsskulen rett til opplæring på hovudmålet og rett til å høyra til ei eiga målformgruppe, og kome tilbake til Stortinget på eigna måte».

I Opplæringslova § 2-5 heiter det: Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1–7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å høyre til ei eiga elevgruppe. Denne retten gjeld ikkje for elevar på 8–10 årstrinn.

Referat frå ordskiftet i Stortinget: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Referater/Stortinget/2016-2017/refs-201617-11-22?m=8

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no