Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstafetten 2016

 (23.11.2016)

Denne hausten har Noregs Mållag og Norsk Målungdom køyrt 3580 kilometer for nynorsken. 

Sunndal Mållag inviterte til Språkkafe på biblioteket. Leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre, sit fremst. 

– Det er utruleg moro å reise med Nynorskstafetten, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Han var med på stafetten for fyrste gong, og reiste saman med Synnøve Marie Sætre, leiar i Norsk Målungdom. Dei fekk mange innhaldsrike dagar på Nordmøre, og var mellom anna med på å skipe oppatt Eide og Fræna Mållag etter tjue år utan aktivitet.

Kommunar med mykje nynorsk i skulen og kommunen elles blir prioriterte. Nynorskstafetten opna i Fredrikstad 25. oktober og var på vegen gjennom Gudbrandsdalen, Romsdalen og på Nordmøre før han enda opp på Sunndalsøra 18. november. Stafettbilen hadde stogg i Fredrikstad, Gausdal, Lillehammer, Sør-Fron, Nord-Fron, Sel, Vågå, Lom, Skjåk, Lesja, Dovre, Rauma, Vestnes, Sandøy, Midsund, Molde, Aukra, Fræna, Gjemnes, Aure, Surnadal og Sunndal.

Kårvatn Fjellutstyr marknadsfører seg på nynorsk. 

I Surnadal var nynorsk i næringslivet tema på ei samling mellom Mållaget, næringslivet og pressa. Der vart mellom anna Kårvatn Fjellutstyr i Surnadal trekt fram som eit døme på god bruk av nynorsk i næringslivet. 

I Aure skipa lokallaget til kulturkveld med song og musikk, og inviterte spesielt innvandrarane i kommunen. Sunndal Mållag inviterte til språkkafé på biblioteket med særs godt oppmøte.

Gjennom Nynorskstafetten vitja Mållaget og Målungdomen 19 ungdomsskular eller vidaregåande skular, 16 barneskular og 13 barnehagar. Vi har også hatt møte med 15 ordførarar eller kommuneadministrasjonar. I tillegg til dette var det 13 lokale tilskipingar på kveldstid.

Aure: Ingunn Golmen, ordførar i Aure kommune, tek imot nynorskstafettpinnen frå Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

– Det er veldig gjevande å treffe ordførarar, skuleleiing og dei tilsette i barnehagar og på skular, seier Magne Aasbrenn. Han peikar på at nokre kommuneadministrasjonar blir minna på å bruke meir nynorsk, medan andre får ros for at dei medvite brukar nynorsken i den kommunale kvardagen. Nokre stader møter me også nynorske verksemder som er viktige for å gjere nynorsken synleg.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no