Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk næringslivspris

 (26.11.2016)

Nynorsk næringslivspris 2016 går til Dyrsku'n Arrangement AS, Noregs største handels- og landbruksmesse, i Seljord. Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, deler ut prisen og Geir Helge Espedalen, dagleg leiar i Dyrsku’n, tok imot prisen på ei markering i Oslo i dag. 

Dette sa Magne Asbrenn på prisutdelinga: 

Noregs Mållag delte ut nynorsk næringslivspris fyrste gong i 2006, og årets prisvinnar er den åttande i rekkja som får denne heideren.

Og det året prisen har tiårsjubileum, har altså juryen funne fram til ein vinnar som også jubilerer. Prisvinnaren kan skilte med heile 150 år i marknaden – vi har ikkje undersøkt arkiva, men reknar med at i langt dei fleste av desse åra har vinnaren brukt nynorsk - i alle fall har nettsidene frå første stund vore på nynorsk.

Det kom inn mange nominasjonar frå lokallaga og enkeltpersonar, og juryen har hatt eit rikt og solid utval å velje mellom. Det ser ut til at stadig fleire næringsdrivande nyttar nynorsk som arbeids- og marknadsføringsspråk – ei gledeleg utvikling som tyder at det slett ikkje er lettare å nå heilt til topps hos juryen no enn dei første åra.

Vinnaren i år er Dyrsku'n i Seljord!

Dette er ei svær messe i Telemark, i eit område der bokmålspresset kan vere ekstra sterkt. Dei dreg nærare 100 000 publikum, ikkje minst frå Austlandet. Alt skriftleg materiale, nettsider og skilting er på nynorsk. I haust var dei vertskap for 740 utstillarar og dei omset samla for rundt ½ milliard kroner og er sannsynlegvis den største nynorskmessa i heile verda. Juryen vil derfor understreke at påverknadskrafta Dyrsku’n har overfor dei andre bidragsytarane ved sjølv å marknadsføre seg og tilstellinga på nynorsk – ho femner breitt og ho femner mange.

Ikkje minst rommar Dyrsku’n fleire andre årlege tilstellingar som også blir omfamna av den nynorske overbygninga - og berre countryfestivalen og seljordfestivalen supplerer dei årlege besøkstala med godt over 40 000 personar. Vi håpar sjølvsagt at også desse tilstellingane skal ta nynorsken i bruk etter kvart.

Juryen har hatt ein personleg representant på festivalen no i 2016 og ser det som eit viktig signal at også ein hendingsarrangør kan få nynorsk næringslivspris og håpar at det kan inspirere andre som skipar såkalla "events" rundt i landet til å sjå at nynorsk er eit godt marknadsføringsspråk og ein god måte å profilere seg på.

Prisvinnaren får eit diplom og gratis marknadsføring på heimesida og i medlemsbladet til Noregs Mållag i heile 2017.

Vi ynskjer Dyrsku’n til lukke med Nynorsk næringslivspris 2016!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no