Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mange nye medlemer

 (28.11.2016)

Landsrådet i Noregs Mållag jublar for både gamle og nye medlemer. I haust har Mållaget fått tett på 500 nye medlemer, og no er vi berre få medlemer unna eit rekordhøgt medlemstal.

Manglande språklege retningsliner i ein eventuell Vestlandsregion har gjeve oss ein veldig god vervehaust og gjort at medlemstalet pr. 28. november er 12 212 betalande medlemer. Vi er med andre ord godt forbi medlemstalet frå i fjor på 12 022, og satsar no på å slå rekorden frå 2013 på 12 256.

Det er ikkje tvil om at fylkeslaga Rogaland, Karmsund, Hordaland og Sogn og Fjordane no har eit stort potensiale til verving, då det er desse fylka som vurderer samanslåing. Men nye medlemer kjem over heile landet. Til dømes verva Hareid Mållag på Sunnmøre 18 nye i løpet av ein laurdag på stand.

For lokallaga våre tilrår vi vervestand i næraste framtid, aktiv bruk av sosiale medium til verving (både som lag og privat) og det gode gamle spørsmålet «Vil du bli medlem i Noregs Mållag?». Oddny Miljeteig (som har verva over 500) seier at mange berre treng å få spørsmålet. Hugs at Skrivarstova kan hjelpe til med materiell eller grafisk design til Facebook eller liknande.

Hugs at vi også har ei ordning med husstandsmedlem. Dei ikkje får medlemsavisa Norsk Tidend og betalar halv pris på vår sentrale sats frå det året vanleg faktura kjem. (Innmeldinga kostar framleis 200 kr) Husstandsmedlemer må bu på same adresse som ein hovudmedlem, og melde seg inn via nettsidene våre. Ofte treng ein ikkje sjå langt for å finne nokon å verve.

Alle som melder seg inn etter 1. oktober får påfølgjande år inkludert i prisen på 200 kroner.

Måtar å melde seg inn på

På tekstmelding: Send ordet nynorsk til 2490. 200 kroner vert lagt til mobilrekninga.

Via nettsidene: http://www.nm.no/innmelding.cfm

Eventuelt kan ein sende e-post til medlem@nm.no.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no