Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget vil ha nynorsk-ultimatum

 (02.12.2016)

Dei neste vekene blir administrasjonsspråket i den eventuelle Vestlandsregionen bestemt. Noregs Mållag meiner at Sogn og Fjordane og Hordaland må stille som ufråvikeleg krav at også Rogaland går med på nynorsk språk.

Fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane skriv i si innstilling at «Det vert lagt til grunn at nynorsk vert administrasjonsspråket i den nye regionen».
– Denne formuleringa er verdilaus om Rogaland vil ha nøytralt administrasjonsspråk, meiner leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

– Fylkespolitikarane må gjere vedtak som garanterer at nynorsk vert språket uansett kva konstellasjon ein eventuelt står att med til slutt. Om ikkje Rogaland går med på nynorsk administrasjonsspråk, må Sogn og Fjordane vere tydeleg på at dei ikkje kan gå inn i region med Rogaland.

I intensjonsplanen står det frå før at nynorsk er ein viktig identitetsbyggjar. Fylkestinget må kunne garantere at nynorsk skal vere administrasjonsspråk og språket staten bruker i skriv til regionen.
– Sogn og Fjordane og Hordaland må gjere vedtak om at eit eventuelt «ja» fell bort, om ikkje språket i regionen blir nynorsk, slå Magne Aasbrenn fast.

I går kom framlegget frå rådmannen i Rogaland til vedtak i fylkestinget. Der går det fram at rådmannen vil ha nøytralt administrasjonsspråk dersom Rogaland blir med i regionen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no