Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Strategimøte i Bergen

 (06.12.2016)

Den 2. desember inviterte Odda Mållag til strategimøte om sidemålsordninga i Bergen. Det var invitert inn femten deltakarar med ulike posisjonar som såg og drøfta sidemålsordninga frå ulike vinklar.

– Den noverande ordninga er ei ulempe for nynorskelevane, seier Knut O. Dale, leiar i Odda Mållag initativtakar til møtet. Me må difor få tilbake den gamle ordninga med to jamstelte og obligatoriske eksamensstilar. Då vil det langt på veg vera ein fordel å ha nynorsk som hovudmål og det vil og vera ein fordel for elevane å byrja med nynorsk i fyrste klasse i grunnskulen.

Lektor Hilde Gjester Hoel frå Odda vidaregåande skule hadde invitert tre elevar til videointervju der dei gav uttrykk for kor viktig det er at også andre lærarar enn norsklærarane nyttar nynorsk på tavla når dei underviser nynorskelevar. Dagfinn Rødningen, rådgjevar i Språkrådet, viste til Stortingsmeldinga Mål og meining og slo fast at der blei det lagt opp til ei styrking av nynorsken, og at nynorsk som sidemål var svært viktig for å halde nynorskkompetansen i befolkninga oppe.

Dei to lektorane Øyvind Indrebø og Asle Sætre snakka om stoda for nynorsken i skulane i Sogn og Fjordane og Hordaland. Øyvind Indrebø kunne fortelje at elevane på Firda vidaregåande skule var svært knytte til nynorsken og gav klare døme på at tospråkleg kompetanse gjer elevane der betre i både bokmål og nynorsk. Asle Sætre la fram eksempel på målbyte i skular rundt Bergen, og det var påfallande kor store skilnader det var i fråfallsprosenten.

Tor Erik Furevikstrand som sit i nemnda som lagar eksamensoppgåver for vidaregåande skule, orienterte om ulike sider ved sensorkrava til sidemålet. Kor strengt skal ein til dømes vurdere bøyingsfeil. Magne Aasbrenn gjorde ein gjennomgang av kva dei ulike politiske partia seier om sidemålspolitikk i programframlegga til Stortingsvalet 2017.

To politikarar var også med på møtet i ei tid som elles var prega av hektisk møteverksemd rundt etableringa av ein eventuell Vestlandsregion. Ordføraren i Fjaler og fylkesutvalsmedlem i Sogn og Fjordane, Gunhild Berge Stang (V) og fylkesvaraordføraren i Hordaland, Pål Kårbø (KrF), viste forsamlinga at dei hadde eit godt hjarte for nynorsken. Vigleik Brekke, informasjonsmedarbeidar i Fjell kommune, leia debatten på hyggeleg vis. 

– Dette var nyttig. Her var det personar som kan påverka utviklinga både for nynorsk og for sidemålsordninga. Alle innlegga var var gode, relevante og informative. Utfordringa er å formidla dette til ulike instansar, ikkje minst utfordra dei politiske partia som no skal laga sine politiske program før valet til hausten, seier Arild Reigstad, styremedlem i Hordaland Mållag. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no