Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Santa Lucia-songen på nynorsk

I dag er det Santa Lucia-dagen, og då syng vi den fine Lucia-songen. Ingvar Moe har laga ei flott omsetjing.

Songen er henta ifrå nettsidene til aasentunet.no. På nettsidene til Tunkatten er det lagt ut denne songen og mange andre advent- og julesongar. Der kan du høyre songen, finne notar og komp. 

Santa Lucia

Natta har svart og stor

gøymt stall og stover.

Sola har gått sin veg.

Dagen er over.

 

/:Inn i vårt mørke hus,

stig no med kveikte lys,

Santa Lucia, Santa Lucia.:/

Natta er mørk og stum.

Med eitt det susar

i alle stille rom

som venger brusar.

 

/:Sjå på vår terskel står,

kvitkledd med lys i hår,

Santa Lucia, Santa Lucia.:/

 

«Mørkret skal fara snart

frå fjell og dalar.»

Slik ho eit underfullt

ord til oss talar.

 

/:Dagen skal atter ny

stiga av raude sky.

Santa Lucia, Santa Lucia.:/

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no