Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Einfrid Perstølen

 (09.01.2017)

Einfrid Perstølen, heidersmedlem i Noregs Mållag, gjekk bort 7. januar 2017. Ho vart utnemnd til heidersmedlem på landsmøtet i 1992. 

Perstølen vart fødd i Ål i Hallingdal i 1917, og utdanna seg til psykiater, etter eit avbrot i studiet under krigen, då ho arbeidde på eit norsk feltsjukehus i England. Ho har vore ein framståande representant for målsaka. Då ho kom til Oslo som medisinstudent i 1937, byrja ho å bruke nynorsk normaltalemål, for – som ho sa seinare – den tida måtte ein tala nynorsk, eller gå over til riksmål.

Einfrid Perstølen (den tida Einfrid Grønvik) sat i styret i Noregs Mållag i perioden 1965–1968, og 1970–1972. Ho var òg representant for Noregs Mållag i Norsk språkråd i tida 1976–1984. Ho var styremedlem eller vara til styret i Norsk språkråd ein god del av perioden.

På 70-talet vart ho med i ei mållovsnemnd som vart oppnemnd av styret i Noregs Mållag. Samtidig dreiv ho sin eigen kamp for å få Samferdselsdepartementet, Noregs Bank og Posten til å bruke Noreg på pengesetlar, pass og frimerke. Dei fyrste nynorske bruksfrimerka kom i 1976. Passet med begge målformer på gav Justisdepartementet ut i 1979, og i 1984 kom den fyrste nynorske pengesetelen.

Den mest synlege innsatsen Einfrid gjorde for nynorsken, er nok den som gav henne namnet «mor til den nynorske 50-lappen».

I den nye mållova (vedteken våren 1980) er pass, frimerke og pengesetlar nemnde særskilt som offentlege dokument som peikar seg ut med begge landsnamna på. Då dette vart slått fast av Stortinget i april 1980, var det ikkje lenger råd å vri seg unna jamstellingskravet frå Einfrid Perstølen og Noregs Mållag.

Einfrid Perstølen var ikkje redd for å stå på for saka, og ho gav aldri opp. Det er takka vere hennar innsats at teksten Norge/Noreg er eit kvardagsleg syn og prov på språkjamstillinga her til lands. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no