Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vestlandsregionen vert nynorskregionen

 (18.01.2017)

Den nye regionen skal heite Vestlandet og språket er nynorsk.

Sogn og Fjordane og Hordaland vart 17. januar samde om ein intensjonsavtale for ei eventuell samanslåing av dei to fylka til ein region. Etter at Rogaland trekte seg ut den førre intensjonsplanen, har dei to attståande fylka forhandla fram ein ny avtale. I den nye avtalen vert det slege fast at: «Nynorsk har vore, og er, ein viktig felles identitetsbyggar. Lokale skilnader i kultur vil, og skal framleis vere, viktig og eit felles mål å ta vare på» og at: «Nynorsk vert administrasjonsspråk og statleg tenestespråk for den nye regionen».

Dette klarte ein ikkje å få på plass i forhandlingane med Rogaland og det er difor gledeleg at det står så klart i den nye avtalen av administrasjonsspråket og det statlege tenestespråket skal vera nynorsk.

Det var svært stort engasjement rundt språkspørsmålet i høyringsrunden, og dei langt fleste av høyringssvara som kom inn gjekk inn for nynorsk i den nye regionen.  

No er det opp til dei to fylkestinga å godkjenne planen.

 

Marit Aakre Tennø
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no