Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vinterseminar på Bryne

 (20.01.2017)

Vinterseminar gjev ny kunnskap og gode ordskifte. Om kvelden er det god mat og kveldssete saman med andre målfolk. Endå ein god grunn til å kome på vinterseminar på Bryne er at artist Tom Roger Aadland skal synge og spele laurdag kveld. 

Tom Roger Aaland har fått svært god omtale for sin nyast utgjeving Blondt i blondt. Der syng han Bob Dylans meisterverk Blonde on Blonde gjendikta til nynorsk. Utgjevinga vart kåra til Årets album for 2016 av NRK P1-programmet Norsk på norsk

Les meir om seminaret og finn meir praktisk informasjon her: Vinterseminar på Bryne. Meld deg på! 

Slik ser programmet ut: 

Laurdag 11. februar: SPRÅK, PARTI OG SAMFUNN

11.00 Innsjekk og kaffi

11.30 Opning 
Ved leiar Magne Aasbrenn

11.50 Eit språkpolitisk tilbakeblikk
Partipolitisk språkhistorie: Kva program har vore viktige og på kva måte?
Innleiing ved Oddmund Hoel, fyrsteamanuensis på avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

12.50 Beinstrekk

13.00 Raud, blå eller grøn språkpolitikk 
Fleire politiske parti om eigen språkpolitikk

14.00 Lunsjpause

15.00 Omvising på Garborgsenteret

16.00 Valkamp(anje)
Innleiing ved Inger Johanne Sæterbakk, informasjonskonsulent i Bondelaget. Vi lærer av bøndene og ser på vårt eige valkamparbeid.

16.45 Folkeleg motmakt i ei sentraliseringstid
Innleiing ved Dag Jørund Lønning, professor i nyskaping og bygdeutvikling ved HLB

18.15 Slutt for dagen

19.30 Kulturell festmiddag på Jæren hotell med artist Tom Roger Aadland


Sundag 12. februar: REFORMER OG LOVER

10.00 Kva rom har nynorsken i dei største vestlandsbyane og korleis møter dei nynorsken i samanslåingsplanane?
Innleiing ved Tom Hetland, tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad og tidlegare redaktør i Norsk Tidend

11.15 Rogaland i spennet mellom to kulturar
Innleiingar ved fylkesordførar Solveig Tengesdal (KrF) og stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp)

12.30 Ny språklov, frå eit juridisk perspektiv                               
Innleiing ved Dag Bjørke Bremer, Juristmållaget

13.45 Avslutning ved Magne Aasbrenn

14.00 Lunsj og vel heim

Påmelding og spørsmål: per.arntsen @ nm.no

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no