Nytt liv i Elverum
(03.02.2017)

Torsdag 2. februar møtte det femten menneske på Elgstua i Elverum for å starte opp att Elverum dialekt- og mållag.
– Målet med møtet var å få nytt liv i dialekt- og målarbeidet på Elverum etter at det har vore eit kvilande lag i nær femten år, fortel Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Han var til stades på mållagsmøtet og med røter frå Østerdalen tykkjer han det er spesielt gledeleg å få opp aktiviteten her. Det er eit lag med lange tradisjonar. Det er 101 år sidan Elverum Mållag vart skipa.
På møtet var det gode drøftingar, i tillegg til felespel og song. Det blei valt eit interimstyre som får i oppgåve å førebu og kalle inn til nyskipingsårsmøte av Elverum dialekt- og mållag.
Maj Britt Mostue er leiar i interimstyret og får med seg medlemmene Kristin Fridtun, Magnus Løken, Berit Østmoen og Marit Korsbakken. (Foto: Magne Aasbrenn) Vi ynskjer lukke til!
Du er velkomen som medlem! Vil du bli medlem i Elverum dialekt- og mållag? Gå inn på innmeldingssida og skriv inn Elverum dialekt- og mållag i boksen for lokallag.
|