Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Hundre år med hjartespråket

 (06.02.2017)

I dag, måndag 6. februar, er det 100 år sidan det fyrste samiske landsmøtet vart halde i Trondheim. Datoen har blitt til den samiske nasjonaldagen.

I år skal 100-årsjubileet feirast for denne hendinga som så tydeleg markerte styrken i den samiske politiske rørsla i Norden, ei rørsle som i vår tid har fått gjennomslag for mange av krava sine. Det er all grunn til å gratulera samane med ein lang strid som har ført til store endringar.

Hjartespråket

Litt over ein månad etter jubileumsstarten går fristen ut for høyringa til NOU 2016:18 Hjertespråket – forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk. Her kjem utvalet som har forfatta utgreiinga, med framlegg til sterkare språkpolitikk for dei tre samiske språka i Noreg.

Les ein meldinga om hjartespråket med nynorskauge, vert ein slegen av kor ofte ein kunne bytt ut nynorsk med samisk i teksten. Då ville setninga gå frå å formulere ei kjend problemstilling for samisk til å formulere ei like kjend problemstilling for nynorsk, sjølv om språka nynorsk og samisk har ulik historie.

Vernet om dei samiske språka er grunngjeve i internasjonale traktatar og konvensjonar, så vel som i nasjonale lover. Her kan det vera mykje å hente for alle som leitar etter tiltak for betre sikring av mindretalsspråk. Det er dei same  mekanismane som gjer både samisk og nynorsk utsette. Bokmål dominerer som skriftspråk i dei samiske områda på same måte som bokmål dominerer i nynorskområda. Den viktigaste utfordringa blir då korleis vi sikrar eit større rom for dei språka som blir dominerte.

Den offentlege debatten om nynorsk handlar oftast om den bokmålsbrukande majoriteten sitt tilhøve til nynorsk, sjeldan om nynorskbrukarane sine eigne ønske for framtida . Motstanden mot sidemålsordninga og mot statlege organ si plikt til å nytta nynorsk får dominere debattane. Du får ingen plass på framsida av vg.no eller rundt bordet til Dagsnytt 18 om du berre er uroa for korleis me stoggar språkskifte i Hallingdal, vil sikre god nok nynorskundervisning eller vil hegne om strukturane som held nynorsken oppe.

Utvalet som har forfatta Hjertespråket, utforskar nett tiltak for styrking og ivaretaking av språk. Og målrørsla bør lytte når dei snakkar. Gjennom NOU-meldinga Hjertespråket har Samisk språkutval formulert nett dei behova som mindretalsspråk har.

Språket i barnehage og skule

Barnehagane er i dag er sette til  å førebu ungane til skule, og dei driv aktiv språkstimulering. Ei undersøking nett utført av Landssamanslutninga av nynorskkommunar  og Pirion syner at storparten av språkstimuleringa i barnehagane skjer gjennom ferdige pakkar på bokmål  Diverre er lesing og song i stor grad òg på bokmål til ungar i nynorskområda. Samisk språkutval har rett når dei i Hjertespråket konstaterer at det er uheldig at det i dag er så stor ulikheit mellom språklege rettar i skule og barnehage.

Utvalet går systematisk gjennom opplæringsfeltet og leitar etter dei stadene der rettane og pliktene ikkje vert oppfylte eller manglar. Soleis får dei eit oversyn som gjer det mogeleg å peike på veikskapar og føreslå tiltak: Det skal verta lettare å oppretta samiskklasser og lettare å få gode nok lærarar til språkopplæringa. Utvalet slår fast at fyrstespråkopplæring er det viktigaste einskildtiltaket, og at det er viktig at fyrstespråket blir brukt i alle fag.

Det har aldri vore ein gjennomgang av opplæringsfeltet på denne måten for nynorskopplæringa sin del. Det har aldri blitt ført tilsyn om nynorskelevane får sine rettar oppfylte. På papiret er nynorsk og bokmål jamstilte, medan situasjonen i røynda er heilt annleis. Førestillinga om to jamstilte norske språk, har vore eit hinder for ein systematisk gjennomgang av nynorsken si stilling skulen og barnehagen.

Språket i kommunane

Å få innsyn i dei samiske debattane om språk opnar for måtar å sjå språkpolitikk på som  vi ikkje er vane med. Dette gjeld ikkje berre for opplæringsfeltet, men òg for korleis strukturar rundt språka er med og hegnar kring dei.

Den samiske forvaltingsområdemodellen sikrar det språklege ansvaret til kommunane på ein heilt annan måte enn ordninga med målvedtak i kommunane gjer. Samisk språkutval vil forsterke dette ansvaret gjennom å krevje ein plan for språkstyrking frå kommunar i forvaltingsområdet og å innføre ei ordning der kommunar kan innlemmast i forvaltingområdet for samisk utan fleirtalsvedtak i kommunar. Særleg det siste vil rokke ved det kommunale sjølvstendet som står sterkt i Noreg. Men samstundes vil det sikre rettar for språklege mindretal.

Røynslene frå tidlegare nynorsk målsoge har døme på uheldige utslag av slike fleirtalsvedtak. Undersøkingar syner korleis nynorsken forsvann frå Trøndelag gjennom svært knappe bokmålsfleirtal i røystingar rundt i kommunane, og det nynorske mindretalet vart på kort tid ribba for rettar.

Sjølv om den nye kommunereforma til no ikkje har fått så dramatiske konsekvensar som ein hadde frykta for nynorsken, står ein i direkte fare for å miste tre nynorskkommunar i Rogaland når dei slår seg saman med store bokmåls- eller språknøytrale kommunar. Fordi det kommunale ansvaret for nynorsken ikkje er formulert eller kravd av nokon overordna instans, så kan dette skje heilt utan debatt, og utan at staten som har ansvar for språka våre, bryr seg. Det store mindretalet som før har vore eit fleirtal, får kjempe kampane sine åleine.

Framtida

Det må vere lov å drøyme. Når eg les kva Samisk språkutval vil og kor stort dei tenkjer for å sikre dei tre samiske språka, drøymer eg om at vi saman kan finne ut av kva for like saker me kan kjempe for. Det ideologiske tankegodset frå målsaka inspirerte Isak Saba då han for meir 100 år sidan gjekk på lærarskulen i Tromsø. No er det tankane bak det samiske språkarbeidet som bør inspirere målfolket til ein ny språkpolitikk.  

Av Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no