Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Oppattskipingsmøte!

 (08.02.2017)

I kveld er det fellesmøte for å starte opp att lokalt mållag i Finnøy- og Rennesøy kommune. Biletet er frå ein nydeleg soldag på Rennesøy på Nynorskstafetten i 2015. 

Møtet vert i Ryfylke Næringshage på Judaberg, torsdag 9. februar klokka 18. 

Korkje Finnøy Mållag, Rennesøy Mållag eller Sjernarøy Mållag har vore aktive på fleire år. Kommunane har byrja å diskutera samanslåing med Stavanger. Mållaget tykkjer det er viktig å sikre nynorskbrukarane like godt som bokmålsbrukarane. I Stavanger ville ein gjerne hatt betre vilkår for nynorsken. Dette er bakgrunnen for å aktivera eit mållag på øyane, om ikkje anna for ein periode no då den nye kommunen er i støypeskeia. 

Me vonar mange vil kome å diskutere framtida for nynorsken i Finnøy og Rennesøy og framtida for mållaget på øyane.

Det vert servering på møte og nye og gamle medlemmer frå Finnøy Mållag, Sjernarøy Mållag og Rennesøy Mållag er hjartleg velkomne! 

Har du noko du likar Marit Ness, nestleiar i Rogaland Mållag, telefon 454 22 657 eller Hege Lothe, organisasjonskonsulent i Noregs Mållag, telefon 926 48 348, om du har meiningar om korleis dette bør bli eller viss du berre vil diskutera sakene før møtet. Me vil ta med oss innspela til møtet.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no