Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stort vinterseminar på Bryne

 (10.02.2017)

I dag er skrivarstova på veg til vinterseminar på Bryne. Om du vil ta tak i skrivarstova, ring ein mobiltelefon. I kveld er det samling for nye tillitsvalde og styremøte i Noregs Mållag på Jæren Hotell. 

Etter ein haust prega av debattar om nynorsken si stilling i Rogaland, samlast Noregs Mållag til vinterseminar på Bryne laurdag 11. og sundag 12. februar. Nesten 90 deltakarar er påmelde til seminaret, som er på Time bibliotek på Garborgsenteret.

Sundag møter fylkesordførar Solveig Tengesdal (KrF) til debatt mot stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) om Rogaland mellom to kulturar.

Laurdag er det språkpolitisk debatt i framkant av stortingsvalet med Siv-Len Strandskog, leiar av kvinnenettverket i Ap og medlem i fylkestinget, Unni Fuglestad, leiar i Time Venstre, Ørjan Zazzra Johansen, 4. kandidat for Rogaland MDG, Margret Hagerup, 4. kandidat for Rogaland Høgre og Solfrid Lerbekk, 1. kandidat for Rogaland SV.

Tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, Tom Hetland, kjem for å snakke om nynorsken og kommunereforma, og professor Dag Jørund Lønning innleier om sentraliseringa si makt. Laurdag vert det festmiddag med Rogaland sin eigen Tom Roger Aadland og hans nynorske omsetjingar av Bob Dylan.

Mange lokale målfolk er påmelde og dei har sett av helga til dei store nasjonale debattane, alle med ein fot i Rogaland.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no