Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Rogalendingane vil ha meir nynorsk

 (12.02.2017)

Rogaland sa nei til Vestlandsregionen og held truleg fram som eige fylke.

– Nesten hundre fråsegner denne hausten synte at folk vil ha mykje meir nynorsk frå fylkeskommunen. Det må Rogaland fylke ta på alvor, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Denne helga har Noregs Mållag vore samla til vinterseminar med over 90 deltakarar på Garborgsenteret på Bryne. 

– Rogaland burde, etter å ha sett det store engasjementet kring nynorsken i fylket, ta ein grundig diskusjon om kvifor nynorsken er så lite synleg frå fylkeskommunen og kva dei skal gjere for å oppfylle ønsket om meir nynorsk framover, krev Magne Aasbrenn og Noregs Mållag.

Under striden kring Vestlandsregionen i haust var det svært stort engasjement for nynorsken. I Rogaland hadde mange håpa at ein fellesskap med nynorskfylka i nord kunne gje dei fleire rettar og hegne betre kring nynorsken.

– Rogaland trekte seg ut av samanslåinga. Dei bør likevel lyde når nynorskbrukarane i fylket så klårt har sagt at dei ønskjer seg ein fylkeskommune som tek betre omsyn til at svært mange i Rogaland nyttar nynorsk, seier Magne Aasbrenn.

Det kom inn 129 fråsegner i Rogaland, og av desse meinte 98 at den nye regionen burde vere ein nynorskregion. Berre 2 gjekk inn for bokmål.

Fylkeskommunar kan velje nynorsk, bokmål eller nøytralt administrasjonsspråk og kan be om skriv frå staten på nynorsk eller bokmål.  Vel ein nøytralt, slik Rogaland har gjort, tyder det i praksis stort sett berre bokmål. Rogaland fylkeskommune bør derfor be om at skriv frå staten kjem på nynorsk.

Ein plan for systematisk veksling mellom nynorsk og bokmål i fylkeskommunen er også ein god idé. Det er spesielt viktig å prioritere nettsidene og annan informasjon som når ut til innbyggjarane.

Fylkesordførar Solveig Tengesdal (KrF) gjesta vinterseminaret. Ho fekk med seg ønsket om meir nynorsk frå Rogaland fylkeskommune. Ho sa ho ville vere med på å leggje ein plan for nynorsken i fylkeskommunen og at språkarbeidet må bli tydelegare i organisasjonen hennar.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no