Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. APRIL 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Siste arbeidsdag for Berit

 (28.02.2017)

Tysdag 28. februar var siste arbeidsdag for Berit Krogh hjå Noregs Mållag. No er ho pensjonist. Berit har lang fartstid hjå oss. Ho har arbeidd med økonomien til Mållaget sidan 1. oktober 1994.

Den fyrste tida arbeidde ho både for Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag. Seinare har ho også hatt ein mindre stillingsprosent for Landssamanslutninga av nynorskkommunar, LNK.

Gjennom desse åra har ho passa på billag, lotteri, utbetalingar, momsrefusjon, årsoppgjer, kontoutskrifter, landsmøteavgifter, medlemspengerefusjon, reiserekningar, fakturaer, revisorar og ført rekneskapen. Ho har gjort dette nøyaktig og grundig, og i skiftande økonomiske tider.

Berit Krogh er glad i folk og glad i å reise. Det har alltid vore ei sann underhaldning å høyre på historiene både frå dei utruleg mange reisene og hendingar frå tidlegare tider i Mållaget.

Takk for slaget, Berit!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no