Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk løner seg

 (03.03.2017)

Denne veka skipa fylkeslaget i Sogn og Fjordane ein mini-turné i fylket, der temaet har vore nynorsk i næringslivet. Overskrifta er "Nynorsk løner seg".

Miniturnéen starta med seminar i Førde på onsdag 1. mars , og torsdag var det samling på Sandane. Torleik Stegane frå Sogn og Fjordane Mållag var initiativtakar til samlingane.

På biletet ser ein nokre av deltakarane. Frå venstre: Siv Heggheim, leiar i Gloppen Mållag, Mona Steiner Brekkan, som fekk Nynorskstipendet i 2015 og no driv Basthaugen gard på Radøy i Nordhordland. Ho har arbeidd mykje lokalt med å få lokalt næringsliv til å gå over til å bruke nynorsk.

Einar Måseide bur på Hareid på Sunnmøre og er leiar i Hareid Mållag. Han fortalde om å bruke nynorsk i forsikringsbransjen i Trøndelag, der han har budd deler av sitt vaksne liv.

Lars Endre Gimmestad, regionssjef for Frydenbø bil i Sogn og Fjordane, er ein del av det lokale næringslivet. Han var invitert inn for å fortelje om satsinga dei har gjort på nynorsk. 

Alle var samde om at å marknadsføre seg på nynorsk er eit strategisk og lønsamt val som held på lojaliteten til kundane.

Mållagsleiar Magne Aasbrenn var også med på turnéen og rapporterer om at ein også på Austlandet ser stadig meir nynorsk marknadsføring. Mellom anna opnar ein ny frisørsalong i Fredrikstad i desse dagar med heilsides nynorsk-reklame i lokalavisa der. (Foto: Hallstein Dvergsdal)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no