Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Storegutprisen til Sørsdal

 (07.03.2017)

(Foto: Jan M. Lillebø / Samlaget) 

Litteraturdagane i Vinje delar kvart år ut «Storegutprisen». Det er ein pris som skal gå til ein person, eit lag eller ei verksemd som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rommet. 

– Det er ei glede å kunngjera at Storegutprisen i år går til forfattaren og omsetjaren Kristin Sørsdal, seier Odd Nordstoga. Saman med Arne Vinje og Ragnvald Christenson sit han i Storegutprisnemnda. 

Valet bør ikkje vera overraskande: det er tale om opphavet til at tusenvis av norske lesarar dei siste par åra er lyfte inn i hendingane, lagnadene, politikken og dramatikken i det mangslungne napolitanske samfunnet etter krigen, meisterleg skildra av (pseudonymet) Elena Ferrante og like meisterleg omsett frå italiensk til eit levande nynorsk av Kristin Sørsdal.

Det kjem ut mykje god nynorsk litteratur; bøker skrivne av forfattarar som er med på å utvikle den solide nynorske litteraturarven og gjera han aktuell for vår tid. Sume av dei oppnår òg relativt høge salstal. Men den såkalla Napoli-kvartetten overgår det aller meste: over 300 000 bøker er selde til no!

Det Norske Samlaget og Kristin Sørsdal har ikkje berre slege fast at god litteratur kan bli populær litteratur, men òg vist at nynorsk ikkje er ei hindring for å nå fram til mange lesarar, jamvel til dei som ikkje er vane med å lesa nynorsk. Det set Litteraturdagane i Vinje stor pris på.

Storegutprisen har namnet sitt etter ein sentral figur i Aasmund O. Vinjes dikting, og vinnaren får ein bronsestatuett laga av bilethoggaren Kjell Grette Christiansen. Laurdag 26. august kjem Kristin Sørsdal til Edland for å ta i mot heideren i samband med festkvelden på Litteraturdagane i Vinje. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no