Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Torolv Hesthamar er død

 (10.03.2017)

Torolv Hesthamar, heidersmedlem i Noregs Mållag, gjekk bort 7. mars 2017. Han vart utnemnt på landsmøtet i 2000.

Torolv Hesthamar vart fødd i Kinsarvik 6. september 1924 og utdanna seg til agronom. Han var alltid samfunnsengasjert. Som ordførar i Ullensvang i 16 år var Torolv ein institusjon i Hardanger. Attåt desse 16 åra som ordførar, har han òg 8 år som medlem i heradstyret. Han har òg vore styremedlem i Kommunenes Sentralforbund. 

Gjennom eit langt liv i politikken og i organisasjonar var Torolv Hesthamar ei svært viktig drivkraft for målreisinga særleg i Hardanger og Hordaland. Målsaka var alltid hjartesaka. Han var sentral i arbeidet med å organisera målarbeidet i kommunane ved å skipa Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). 

Som medlem, styremedlem og leiar i Ullensvang Mållag la Torolv Hesthamar ned eit stort arbeid med mellom anna store kulturelle tilskipingar og bokutgjevingar. Mållaget har gjeve ut namnebøker, diktsamlingar, songbøker med meir. Han var ein føregangsmann for lokalt samarbeid mellom mållaget og andre lag. Og ikkje minst stod Torolv fram som ein av storvervarane i Noregs Mållag. På det meste hadde Ullensvang Mållag 254 medlemer. Han var leiar i laget frå 1994 til 2004. Torolv Hesthamar arbeidde også saman med Hordaland Mållag for å få opp att sovande lag i dei andre kommunane i Indre Hardanger.

Arbeidet vart lagt merke til over alt der han har vore. Han mottok Kongens fortenestemedalje i gull i 1999, vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag i 2000 og fekk Målprisen av Ullensvang Mållag i 2008. Han har òg motteke Heidersteikn frå Kommunenes Sentralforbund.

Torolv Hesthamar hadde ei evne til å leia og samla folk til å arbeida i lag, og som målmann fekk han ting gjort.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no