Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nye fylkesleiarar

 (15.03.2017)

Magne Heide er ny fylkesleiar i Troms og Finnmark Mållag. Årsmøtesesongen er godt i gang og vi kan ynskje velkomen til fleire nye tillitsvalde. 

Magne Heide er ein røynd målmann som både har vore aktiv i lokallag, fylkeslag og i styret sentralt. No er han vald til ny leiar i Troms og Finnmark Mållag. Han overtek etter Sæmund Stokstad. Troms og Finnmark Mållag hadde fylkesårsmøte på Finnsnes i helga. Det kom utsendingar frå fleire lokallag og det var ein god stemning på møtet. Marit Aakre Tennø, rådgjevar i Noregs Mållag, heldt innleiing på møtet.

På Sunnmøre er det Magnar Storøy som har overteke som leiar i Sunnmøre Mållag etter Knut Falk. Sunnmøre Mållag hadde eit godt besøkt fylkesårsmøte førre helg og eit fylkeslag i medlemsvekst. Der var også Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

Førebels siste lag som har skifta leiar er Buskerud Mållag. Dei hadde fylkesårsmøte på Gol måndag kveld og Kjell Snerte gjekk av etter fem år som fylkesleiar. Ny leiar er Jens Romslo.

I Trøndelaget har Jan Sørås teke attval og det har også Jon Låte i Fylkesmållaget Vikværingen, Åsmund Ormset i Nordmøre Mållag og Øyvind Fenne i Romsdal Mållag.  

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no