Til lukke med dagen til kvenane!
(16.03.2017)

I dag, 16. mars, er det Kvenfolkets dag, Kveeninkansan päiva. Mållaget ynskjer til lukke med dagen!
Styret i Noregs Mållag vedtok i februar 2015 ei støtte til oppgradering av kvensk språk frå nivå to til nivå tre i den Europeiske Minoritetsspråkspakta. Noregs Mållag ynskjer at også denne delen av språkmangfaldet i Noreg skal haldast i hevd.
Brukarane av kvensk har gjennom tida vore utsette for ein knallhard fornorskingspolitikk. Det har gjort at språket i dag vert rekna som truga. Fyrst i 2005 fekk kvensk status som eige språk, og dei siste åra har språket fått både lærebøker og ein grammatikk.
Ved å vedtaka ei nivåheving kan regjeringa bidra til å halda liv i det kvenske språket og gje ny kveik til det kvenske språksamfunnet. Brukarane av kvensk må også ha rett til å sjå språket sitt i bruk gjennom media, og få opplæring i språket sitt. Då vil kvensk få betre sjansar til å leva vidare som ein viktig del av språkmangfaldet i Noreg.
Det er fjerde året at Kvenfolkets dag vert feira. Høyr gjerne songen Være en Kven med Forente kvenske artister feat. Nora Ollila. Det vart spelt inn i 2014.
Tekstutdraget står på ein minnepinne som er for sal i nettbutikken til Kvensk institutt. Teksten tyder "Ikkje gløym meg!".
|