Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bjørnar Østgård er død

 (27.03.2017)

Heidersmedlem i Noregs Mållag, Bjørnar Østgård, gjekk bort 21. mars 2017. Han vart utnemnd på landsmøtet i Tromsø i 2005. 

Bjørnar Østgård vart fødd i Sørreisa 11. mai 1930 og utdanna seg til lærar. Han hadde ei lang rekkje lærarjobbar og vart seinare rektor på Sommerlyst ungdomsskule i Tromsø.

Østgård var ein institusjon i nordnorsk målreising. Og 50 år etter at han var på sitt fyrste landsmøte i Noregs Mållag, vart han utnemnd til heidersmedlem i 2005. Året før hadde han gått av som leiar i fylkesmållaget Troms og Finnmark Mållag, og hadde då bak seg heile 39 år som aktiv i lokallag og fylkesmållag. 

Når Arthur Arntzen kunne slå gjennom med nordnorsk humor, må vi ikkje gløyme at det låg organisert målarbeid bak. Når det er så gode haldningar til dialektar og nynorsk i Nord-Noreg, er innsatsen til Bjørnar Østgård viktig, vart det sagt i talen då han vart utnemnt til heidersmedlem. 

Han var ein markert SV-politikar i lokalpolitikken i Tromsø og fylkespolitikken i Troms. Erfaringane derifrå fekk også målrørsla utbyte av. 

Kvaliteten på språkopplæringa i lærarutdanninga var ei viktig sak for han. Han var også oppteken av at ei god språkopplæring i skulen er grunnmuren for meir bruk av nynorsk både i media, reklame og i resten av samfunnet.

Bjørnar Østgård skal ha varm takk for både engasjementet, kunnskapen og arbeidet for målsaka!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no