Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Trøndersk Målpris til Johan Ersland Rein

 (30.03.2017)

Johan Ersland Rein (t.h.) får overrekt Trøndersk Målpris av styreleiar i Trønderlaget, Jan Sørås. Prisen er laga av bildevevaren Heidrun Kringen og har tittelen «Ord over grind». (Foto: Ruth Rein)

I høve årsmøte i Trønderlaget i Stjørdal nyleg, vart lagets målpris for 2017 tildelt Johan Ersland Rein, Stadsbygd, for ordboka «Ker du sei». I boka er det samla omlag 11000 ord, nedskrivne slik dei vart utala og med døme på korleis dei har vore brukt i staversdialekten.

Sjølve ordboka fyller om lag 450 sider av bokas vel 500. Dei resterande 65 sidene omhandlar andre tema i forteljartradisjonen, som: Gamle lokale tegn på korleis veret kan bli; Visdomsord, uttrykk og ordtak; Visdomsord og andre uttrykk frå sambygdingar; og Sagn frå lokalmiljøet.

Da prismottakaren takka for utmerkinga understreka han at han ikkje hadde vore aleine om arbeidet.

– For 14 år sidan var det ein del folk på Stadsbygda som byrja å samlast for skrive ned ord og uttrykk i dialekten sin som heldt på å gå i gløymeboka. Interessa var stor og det vart 14 år med månadlege møte der oppmøtet varierte mellom 10 – 30 deltakarar, fortel Johan Ersland Rein. 

I boka viser han til vel 60 informantar som har bidrege med stoff i varierande mengder.  Men totalt vart det så mykje at det måtte systematiserast og bok til om det skulle bli lett tilgjengeleg for ålmenta.  Å ordne stoffet og legge det til rette som bokmanus er det Rein som har stått for med god hjelp av kona Ruth.

– Og dei har lykkast godt i å få til ei brukarvenleg bok. Det er nytta ei enkel lydskrift som er skriven med teikna på ein vanleg pc. I innleiinga gis ei kort orientering om dei vanlegaste kjenneteikna i trønderdialekten og korleis dei kjem fram i lydskrifta, seier Jan Sørås, leiar i Trønderlaget. 

– Stadsbygd var eigen kommune fram til 1964 da den vart slegen saman med Rissa og deler av Stjørna kommune. Om det øvde øyret skil dialektane i dei tre tidlegare  kommunane frå kvarandre er ordtilfanget mykje likt. Alle innbyggarar i kommunen med interesse for eige mål, vil derfor ha stor glede av boka som presenterer eit ruvande kulturarbeid, seier Jan Sørås. Boka Ker du sei er utgjeven på Snøfugl forlag.


 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no