Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målprisen frå Juristmållaget til Gunnar O. Hæreid



Ved ei tilstelling på Universitetet i Oslo onsdag 29. mars fekk assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane Gunnar O. Hæreid utdelt målprisen frå Juristmållaget for ein stor innsats for jus på nynorsk over lang tid.

Slik let grunngjevinga:

Gunnar O. Hæreid, fødd 1970, er frå Årdal i Sogn. Han har arbeidd hjå Sivilombodsmannen, som dommarfullmektig i Indre Sogn tingrett, som konstituert lagdommar i Hålogaland lagmannsrett og som advokat hos Regjeringsadvokaten. Sidan 2011 har han vore assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane.

Som jusstudent heldt Hæreid på målet sitt, sjølv om han var åleine som nynorskbrukar. I møte med gammalmodig språk fullt av “nu” og “intet” og ikkje minst museumsord som “undertiden” og “daddelverdig”, måtte han sjølv ta til med mykje språkarbeid og “spontanomsetjing”. Dette gav likevel resultat, og Hæreid har seinare forsynt juristar og studentar med dommar, orskurdar og fagartiklar med eit klart og presist nynorsk språk og gode formuleringar.

Ved sida av å ha eit høgt juridisk og språkleg nivå har Hæreid også gjort ein stor innsats som “jussmålmann” over lang tid. Han var leiar i Juristmållaget frå 2005 til 2013 og styremedlem fram til 2017. I denne perioden tok laget til med regelmessige skriveseminar, medlemstalet meir enn dobla seg, og det blei oppretta ei eiga gruppe på Facebook, eller “fjesboka”, som Hæreid konsekvent kallar det. Gruppa har no meir enn 250 medlemmer. Hæreid var også del av redaksjonsnemnda for festskriftet til Juristmållagets 75-årsjubileum i 2009, og saman Kåre Lilleholt skreiv han det første kapittelet i soga åt Juristmållaget.

Skriveseminara på Haugastøl har vore kjerneverksemda til Juristmållaget, og gjennom tallause tilbakemeldingar på juridiske tekstar og innlegg i meir enn 10 år har Hæreid vore med på å leggje eit solid språkleg grunnlag for fleire generasjonar av juristar. Hans gode humør og gitartalent har og hatt ein direkte påverknad på rekrutteringsarbeidet, og det er inga overdriving å seie at innsatsen hans har vore uvurderleg for det aktivitetsnivået Juristmållaget har i dag. I tillegg til det som er sagt, har han ein stor del av æra for fadderordninga for jusstudentar og for dei tradisjonsrike “målpilsane” som finn stad både i Oslo, i Bergen og på Leikanger.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no