Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Landsmøte i Norsk Målungdom

 (31.03.2017)

Landsmøtet samlar årleg språkengasjert ungdom frå lokallaga over heile landet for å forme organisasjonens politikk i tida framover. 2016 var eit rekordår for Målungdomen, med det beste medlemstalet på ti år. Samstundes er det ein stadig auke i talet på lokallag.

På landsmøtet skal det bli vedteke nytt arbeidsprogram for den neste perioden, og nokre av kampsakene blir program for nynorsk i lærarutdanningane og ein ny kampanje som skal heite «Nynorsk myteknusar».

– Mange trur veldig mykje om nynorsk, og mykje av det dei trur er feil. Difor jobbar Norsk Målungdom for å spreie kunnskap om og gode haldingar til nynorsk. For å få til dette vil me ha kampanjen «Nynorsk myteknusar» gjennom heile perioden, seier Synnøve Marie Sætre, leiar i Norsk Målungdom. Synnøve Marie Sætre går av som leiar etter to år.

 At landsmøtet skal vere på Sandane er ikkje tilfeldig. Her held lokallaget Firda Målungdom til, og dei er eitt av dei mest aktive laga i landet. I vervekampanjen i haust verva dei heile 70 nye medlemer. Det var også lokallaget på Sandane som var døra inn i organisasjonen for Fredrik Hope frå Hyen, som no er innstilt som ny leiar i Norsk Målungdom. Hope har vore leiar i Firda Målungdom og i Studentmållaget i Bergen, og var økonomiansvarleg i to år før han det siste året har vore nestleiar i organisasjonen.

 – Norsk Målungdom er i stor vekst, og det siste året har me jobba mykje i områder der nynorsken er under press. Sjølv om nynorsk er eit stort og solid språk i verdssamanheng, kan det vere tøft å vere nynorskelev- og student der bokmål dominerer. Men at vi det siste året har skipa og oppattskipa seks lokallag viser at det er eit stort engasjement for nynorsken landet rundt, seier Fredrik Hope. Han ser fram til å stake ut kursen vidare på landsmøtet, og til å planleggje myteknusing.

– Nynorsken og språkmangfaldet i Noreg vil få det mykje betre om me får røska opp i alle fordomane som finst. Til landsmøtet kjem det lokallagsaktivistar som heile året står på stand og jobbar på for å spreie kunnskap om nynorsken. Saman med dei vert det veldig stas å planleggje korleis me kan få flest mogleg nynorskmytar til å rakne i
året som kjem, seier Fredrik Hope.

Innstillingane til sentralstyret er Fredrik Hope, leiar, Elise Tørring frå Lillesand som nestleiar, Eline Bjørke frå Løten som skrivar, Frida Pernille Mikkelsen frå Førde som økonomiansvarleg og Svein Soldal Eggerud frå Stord og Åsmund Kvifte frå Osterøy som styremedlem.

Les meir om landsmøtet: http://malungdom.no/landsmote/

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no