Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gode nynorskvedtak i Venstre

 (06.04.2017)

Landsmøtet i Venstre har gjort fleire gode nynorskvedtak i stortingsprogrammet dei går til val på. 

Oppsummeringa etter landsmøtet er at partiet landa på gode vedtak. Det var knytt mest spaning til formuleringa i programmet om å framleis halda på eigen karakter i sidemål.

Programnemnda var delt i dette spørsmålet, og landsstyret hadde på førehand tilrådd landsmøtet å halda på eigen karakter i sidemål. Landsmøtet slutta breitt opp om tilrådinga frå landsstyret og Venstre har nok ein gong for eigen sidemålskarakter.

I tillegg ynskjer Venstre å få til tidlegare start med sidemål, nynorskdidaktikk i lærarutdanninga og nynorsk i andre fag enn norsk i bokmålsområde. Dessutan vil dei ha fleire nynorske bøker og lydbøker i barnehagane. Les meir i framtida.no 

– Venstre har gjort svært solide nynorskvedtak og det er svært gledeleg å sjå kor solid oppslutning målsaka har i partiet, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no