Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Trur universitet og høgskular at mållova er ei tullelov?

 (25.04.2017)

– Eg  er provosert. Skal det berre vere slik i det uendelege at norske utdanningsinstitusjonar får gi blaffen i norsk lov, spør Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Bakgrunnen for reaksjonen er at ingen norske universitet eller høgskolar oppfyller mållova i 2016. Dette går fram av ein artikkel i nettavisa Khrono.

Mållova seier at i alt publikumsretta, skriftleg tilfang som sentrale statsorgan lagar, skal begge målformene vere representerte med minst 25 prosent. Dette gjeld òg på heimesider, i sosiale medium, og andre tekstar som institusjonane publiserer. Språkrådet har tilsyn med denne ordninga og skal få rapportar frå institusjonane om målbruken.

– Her er tala utruleg nedslåande, seier Aasbrenn, og legg til: – For det første er det slik at mange institusjonar ikkje ein gong gidd å rapportere. Fristen i år var 31. januar, og enno er det minst ni institusjonar som ikkje har gidda å svare. For det andre er det ingen av institusjonane som oppfyller krava når først rapporten ligg føre.

– Kva er dette for ei unnasluntring, eigentleg. Har høgskole- og universitetssystemet funne fram til deira heilt eigen del av lovverket som er frivillig, spør Magne Aasbrenn. Han meiner Noreg no bør sjå til Quebec.

Dersom institusjonar i Quebec bryt mållova der, begynner bøtene på 1500 dollar og går opp til 20 000. Slike tiltak kan bli naudsynte også i Noreg. Ekstra grovt blir det jo når desse lovbrota blir gjorde i fullt dagslys av dei i landet som har ansvar for utdanning og kultur.

Khrono trekker fram Høgskolen i Oslo og Akershus som eit eksempel. Der viser rapporteringa at berre 3,2 prosent av sakene på hioa.no er på nynorsk, 5,9 prosent av meldingane i sosiale medium, og berre 4 av 153 skjema ligg føre på begge målformer. 

I brevet til høgskolen viser òg Språkrådet til at det ikkje har skjedd noka betring av språkbruken, sjølv om det har vore mykje og jamleg kontakt mellom høgskolen og Språkrådet, og at Språkrådet har halde kurs i nynorsk for høgskolen.

Nå må leiinga ved denne høgskolen og alle dei andre institusjonane straks følgje eksempelet til direktøren ved Universitetet i Oslo, Gunn Elin Aa. Bjørneboe, som har sendt brev til alle einingane ved UiO og bede om at kvar fjerde sak på nettsidene og kvar fjerde melding som går ut i sosiale medium som Twitter og Facebook, skal vere på nynorsk, seier Magne Aasbrenn.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no