Ny rammeplan utan nynorsk
(28.04.2017)
Regjeringa har lagt fram ny rammeplan for barnehagen utan å nemne nynorsk med eit ord. Noregs Mållag er veldig skuffa over at rammeplanen ikkje sikra retten for ungar i nynorskområde til faktisk å møte språket sitt i barnehagen.
Noregs Mållag har spelt inn i høyringsrunden at rammeplanen særskilt bør peike på dei særskilde utfordringane ungar i nynorskområde har med å lære eit mindre brukt språk som dei ser mindre av rundt seg, enn ungar i bokmålsområde gjer. Difor er det særleg viktig å understreke i rammeplanen at i nynorskområde må språkstimulering og utvikling av språkforståing og språkkompetanse i barnehagane gå føre seg på det språket ungane skal lære i skulen. Som framtidige elevar av eit mindre brukt språk treng dei å sjå, lese og høyre meir av språket sitt rundt seg. Det dei treng, er meir språkstimulering på nynorsk.
I den gjeldande rammeplanen finst alt ei rekkje formuleringar om samiske born sin rett til å møta samisk i barnehagen. Det viser at språkregulering i barnehagen er mogleg og naudsynt.
Noregs Mållag synte i høyringssvaret vårt til våre røynsler frå vitjingar i barnehagar i nynorskområde, der alt for mange av dei er dominerte av bokmålslesing og synging. Der ungane nesten ikkje møter det språket dei skal lære seg å skrive på skulen i barnehagen.
|
|