Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gode vedtak frå landsmøtet til KrF

 (02.05.2017)

– Det er gledeleg at landsmøtet til KrF så klart forkasta framlegget om felles karakter i hovudmål og sidemål og at dei no går inn i valkampen som eit svært stødig nynorskparti, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Den nyvalde leiartrioen Kjell Ingolf Ropstad, 2. nestleiar (t.v), Knut Arild Hareide (leiar) og Olaug V. Bollestad 1. nestleiar vart valdt på KRF-landsmøtet i helga, og på landsmøtet har partiet vedteke ein tydeleg nynorskpolitikk.

– I programmet som var oppe til vedtak på landsmøtet, var det mange gode nynorskformuleringar, og det gjev inntrykk av ein møtelyd som er oppteken av språkpolitikk, seier Magne Aasbrenn.

Formuleringane i programmet er:

- Verne og styrke norsk språk generelt og nynorsk skriftkultur spesielt

- Opprettholde bruk av nynorsk i media

- Gode kunnskaper og ferdigheter i norsk språk er vesentlig for å fungere godt i arbeids- og samfunnsliv. Språk er en vesentlig del av ens identitet. Alle norske elever skal beherske norsk skriftlig og muntlig når de går ut av grunnskolen.

- Undervisningen i sidemål må fortsette for å sikre at vi har to likestilte målformer også videre. KrF mener elevene må introduseres for sidemål tidligere i skoleløpet enn det som er tilfelle i dag. KrF vil drøfte undervisningsform og alternative vurderingsformer for å styrke sidemål og sikre to likestilte målformer.

- Introdusere sidemålsundervisning i mellomtrinnet.

- Syte for at lærarutdanninga gjev god kompetanse i både bokmål og nynorsk.

I tillegg hadde Rogaland KrF kome med framlegg om å slå saman nynorskkarakteren og bokmålskarakteren i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. Dette avviste landsmøtet kontant. Det er viktig at KrF no ikkje nyttar formuleringa om alternative vurderingsformer i sidemål til å svekke sidemålsordninga.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no