Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Startar nynorsk bokklubb

 (03.05.2017)

SKALD forlag lanserer verdas einaste bokklubb for nynorske verdsklassikarar. No kan du lese verdsklassikarar på nynorsk kor det skal vere. Les meir om å bli abonnent på nynorske klassikarar!

– Målet har heile tida vore, og er framleis, å gjere verdslitteraturen lettare tilgjengeleg, seier Åsta Urdal, marknadssjef i SKALD forlag. No lanserer ho verdas einaste bokklubb for nynorske verdsklassikarar. 

Sidan hausten 2016 har forlaget SKALD etablert ein serie verdsklassikarar nyomsett til nynorsk. Serien har fått stor merksemd, og forlaget haustar lovord både for form og innhald, ikkje berre hos dei tradisjonelle nynorsklesaarar. 

– Det er tydeleg at serien har møtt eit sakn hos dei som er glad i nynorsk, og fleire har signalisert at dei ynskjer å samle på bøkene.
Det er difor vi no lanserer denne abonnementsordninga, forklarar Åsta Urdal.

I SKALD sin klassikarserie skal det utelukkande givast ut verdslitteratur på nynorsk. Verka i serien har inspirert menneske i århundre og dei var gjerne banebrytande, uvanlege og rebelske i si tid. Lanseringa av den nye bokklubben skjer i samband med sleppet av tredje bok ut i serien – Dei døde.

Verdas beste novelle
Dei døde av James Joyce er av mange rekna for å vere verdas beste novelle, og dermed har den ein sjølvsagt plass som bok i SKALD sin serie av nyomsett verdslitteratur. Omsetjinga er det nasjonalskalden Jon Fosse som står for, etter eige initiativ, og med denne boka er det også første gong i historia at ein tekst av den verdskjende forfattaren James Joyce er utkomen på nynorsk.

– Dei døde får oss til å stille spørsmål ved kor godt vi eigentleg kan kjenne eit anna menneske. Handlinga i novella er sett til eit selskap, og er på mange måtar ein klassisk klassikar som både skildrar klassestrukturar og kjønnsroller i eit modernisert samfunn. Joyce var banebrytande i sin rå og ærlige måte å framstille samtida si på, fortel Urdal.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no