Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Eg vil lære nynorsk

 (11.05.2017)

Daniela Munitean frå Romania og William Kay frå Storbritannia ville helst lært nynorsk då dei fekk norskopplæring. I dag skal kommunestyret i Lindås vedta om dei vaksne innvandrarane framleis skal ha bokmålsopplæring. Nina J Eide har intervjua dei dei to. 

– Sats på nynorsk? Kva er problemet, seier William Kay frå Storbritannia.

Orda kjem frå William Kay, organist i Radøy sokn. Han oppmodar politikarane i Nordhordland sterkt om å gå inn for at vaksne innvandrarar får opplæring på nynorsk, og då er det eigne erfaringar han byggjer på.

William Kay er fødd i Rastrick, Yorkshire i England. Etter fullført musikkstudium ved Huddersfield University, med orgel som hovudinstrument, fekk han jobb i Stranda på Sunnmøre. Han arbeidde både som organist og som lærar i kulturskulen. Seks år vart han verande i Stranda og etter ein kort periode i Sykkylven søkte han ei organiststilling i Radøy, der han no har arbeidd i 15 år, og gjort seg sterkt gjeldande i musikklivet i Nordhordland.

Dei to fyrste åra i Stranda var på eit vis tunge. Ved vaksenopplæringa vart det gjeve opplæring i bokmål.

Vi var folk frå England, Irland, Polen og Slovakia og språket vi lærte, stod i direkte motstrid til det vi møtte i lokalsamfunnet og i jobbane våre. Eg kjende på at eg fekk «dobbelt arbeid». To dagar i veka gjekk eg på kurs og skulle læra bokmål, og det ville eg gjerne læra skikkeleg, men møtte noko anna i livet utanom. Vi følte at vi vart ståande på utsida så å seia. Slik var det også i sosial samanheng. Eg begynte i eit kor. Det kjendest unaturleg, ja, beint fram flaut, at dei andre i koret måtte leggja om språket sitt til bokmål for at eg skulle forstå dei. Språkopplæringa vart eit hinder for mi integrering i lokalsamfunnet. Eg fann ut eg berre måtte læra meg nynorsk og jobba systematisk med det. Eg fekk litt hjelp, men mesteparten var sjølvstudium, fortel William Kay.

Det er utruleg viktig at nynorsken vert lagd til grunn for norskopplæringa,» seier William.

Det handlar om språkforståing, men ikkje berre det. Nynorsken er òg ein nøkkel til kulturen elles, til den rike songskatten og til diktverda, til viktige nasjonale og lokale tradisjonar. Kva inntrykk skaper det at ein ikkje opnar dørene for innvandrarane til denne rikdomskjelda?

Stundom høyrer ein at nynorsken er så «vanskeleg». Men kva som er så vanskeleg, er det ingen som kan peika på, seier William.

Sats på nynorsk! Det er rådet frå organisten i Radøy.

Eg vil lære nynorsk, seier Daniela Munitean frå Romania.

Viss alle her i regionen snakkar dialekt som ligg nært nynorsk, kvifor skal me innvandrarar lære bokmål, spør Daniela Munitean.

Ho kjem i frå Romania, men har budd i Noreg sidan 2011. Daniela er utdanna frisør i heimlandet, men då ho kom til Noreg, vart det vanskeleg å få jobb grunna språket. No jobbar ho som reinhaldar på Leiknes skule, og trivst så godt på arbeidsplassen at ho ikkje vil ha nokon annan jobb.

Daniela ville lære norsk og betalte for nivå 1 norsk-kurs (A1). Kurset var på 6 timar i veka i eitt år. Ho fortel at det var gode lærarar som var flinke til å forklare. Problemet var at kurset var på bokmål. Daniela har heile tida budd på Hjelmås, og ho blei fortald av husverten at i dette området brukte nesten alle nynorsk. Difor spurde ho om å få nynorsk i språkopplæringa, men det var ikkje muleg. «Det blei ein konflikt mellom det eg lærte og det eg høyrde, og det blei mykje vanskelegare. Eg betalte for eit norsk-kurs, men eg klarte ikkje å forstå kva folk på arbeidsplassen og naboar sa.» Daniela byrja på nivå 2-kurset (A2), men slutta sidan det ikkje ville hjelpe ho til å forstå dialekten og nynorsk. Ho kan heller ikkje mykje engelsk, og difor blei heller ikkje det ei løysing på å forstå ord og vendingar som folk brukte. Daniela har funne ut at ho må sjølv lære seg nynorsk ved spørje arbeidskollegaer og borna sine. Dei to borna har nynorsk på skulen. At ho fekk opplæring på bokmål, gjer det vanskeleg å hjelpe borna med lekser. Ho fortel at ein gong kom guten hennar heim med ei bok frå skulebiblioteket, og då han opna den sa han: «Å nei, den er på bokmål!» No er borna så gode i norsk at dei handterer begge målformer godt.

Kva med skriv og brev som kjem frå kommunen?

Eg må ofte få ein kollega til å omsetje dei til meg, eg må jo vite kva som står der.

Daniela seier til slutt:

Eg meiner innvandrarar må få velje nynorsk fyrst om dei skal bu i ein nynorsk-kommune, så kan dei lære bokmål.

Nina J Eide
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no