Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Søk om studiestønad

 (15.05.2017)

Noregs Mållag er medlem i Studieforbundet kultur og tradisjon. Det er eit studieforbund for 43 frivillige organisasjonar som driv vaksenopplæring i folkeleg kultur. Studieforbundet administrerer eit statstilskot frå Kunnskapsdepartementet, og har ansvar for utvikling, tilrettelegging og finansiering av eit opplæringstilbod i medlemsorganisasjonane og lokallaga deira.

Det kan vere mange typar kurs som kan gje rett til stønad. Det viktigaste for å få stønad er at kursopplegget må vere på minst 8 timar totalt, og at det må vere minst tre deltakarar som deltek 75 % av tida. Studieforbundet har laga ei sjekkliste for kva som som er eit kurs:

• Har aktiviteten eit læringsmål?

• Er det snakk om målretta, organisert læring?

• Er deltakarne til stades og arbeider saman for å lære?

• Får deltakarane kursbevis?

Ved å ha dette i mente, kan mykje organiserast som eit kurs. Nynorskkurs for lærarar, nynorskkurs for foreldre, kurs for medlemer om ei aktuell målsak o.s.v. De kan lese meir om ordninga og om korleis ein søkjer på nettsida til Studieforbundet: www.kulturogtradisjon.no

Språkkafé som kurs

Lokallag over heile landet lagar språkkaféar og språkmøte med vaksne innvandrarar. Fleire lag ynskjer å ta til med arbeidet, som er med på å integrere og inkludere flyktningane i lokalmiljøet. Dette er det mogeleg å søkje om støtte til gjennom studieforbundet. Målet er at dei nytilflytte skal bli kjende med innbyggjarane i lokalmiljøet og ikkje minst få trening i å snakke norsk. Fleire og fleire lokallag ser dette som eit viktig arbeidsfelt og fortel at dei opplever det som svært meiningsfullt.

Sunndal Mållag har i vinter invitert til fleire språkkaféar, der heile 125 deltakarar har vore innom. Leiar Nils Ulvund fortel at tiltaket får mykje merksemd lokalt, og at andre organisasjonar vil vere med på å støtte opp om arbeidet som Mållaget gjer. Om du vil vite meir om korleis Sunndal Mållag lagar språkkafe, kontakt leiar Nils Ulvund på 900 27 161.

Her er vår samleside om emnet: http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10319,10321

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no