Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Bra jobba, NRK!

 (18.05.2017)

Frå i år set NRK i gang eit systematisk arbeid for meir nynorsk i statskanalen gjennom ein to-års handlingsplan.

– Mållaget er godt nøgde med at NRK har sett i gang dette arbeidet, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Planen inneber mellom anna at leiaransvaret for nynorsk vert tydeleg, og at dei skal satse på nynorskbrukarar i talentutviklinga. Arbeidet vert leia av vikarierande språksjef i NRK, Ingvild Bryn.

– Dette viser at statskanalen tar NRK-plakaten om minst 25% nynorsk alvorleg. Det er flott å sjå at programleiar Marion Hestholm i søndagsprogrammet «Spillerom» går tilbake til å skrive nynorsk etter å ha skrive bokmål i mange år.

Førre veke vedtok Sunnmøre Mållag ein protest mot tittelvalet i serien «Hjemmebane», ein ny fotballserie frå Ulsteinsvik. Serien med Ane Dahl Torp og John Carew i hovudrollane vert spelt inn i desse dagar, og Mållaget vonar NRK vel å bruke det meir naturlege namnet «Heimebane».

– I mange tilfelle kjem nok ikkje mangelen på nynorskbruk av vond vilje. Bokmål er så dominerande på mange område, og nynorskbrukarane kan lett bli gløymde, seier Magne Aasbrenn.

I 2015 var berre 18 prosent av innhaldet på nrk.no på nynorsk. Rapporten for 2016 er rett rundt hjørnet, og Noregs Mållag ventar seg ei betring der. Den nye handlingsplanen bør gje endå betre resultat i 2017.

– Vi vonar andre mediebedrifter som TV2 og Schibsted vil la seg inspirere av NRK til planmessig arbeid med språk, og at planen fører til resultat.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no