Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstipend til grøn bloggar

 (20.05.2017)

Kristine Ullaland frå Bergen har fått nynorskstipend på 50 000 kroner for bloggen «Grønare kvardag» frå Noregs Mållag.

– Vi ser for lite nynorsk i media og sosiale medium, og det er ingen tvil om at bloggen  «Grønare kvardag»  er ein positiv aktør her, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– For oss i Mållaget er Ullalands engasjerte bruk av språket eit døme på god kommunikasjon på nynorsk, og på at nynorsk gjer seg stadig meir gjeldande på nettet, seier Magne Aasbrenn.

«Grønare kvardag» har fått svært mykje mediemerksemd i nasjonale og internasjonale medium. I det ho skriv, har Kristine Ullaland eit klart fokus på at den moderne livsstilen produserer for mykje søppel, og ho har konkrete råd til korleis ein kan leve utan å etterlate seg kilovis av boss dagleg. Råda er praktiske –frå kva du kan nytte ein brukt tannkost til, til kampen mot antibiotikaresistens.

Kvart år deler Noregs Mållag ut to nynorskstipend på 50.000 kroner. Føremålet med stipenda er å hjelpe fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde. Det eine skal gå til ei kvinne, og det andre skal gå til ein mann. Laurdag 20. mai vart stipendet overrekt til Kristine Ullaland på ei tilstelling i Bergen.  

Foto: Bloggar Kristine Ullaland får overrekt Nynorskstipend frå Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. (Foto: Davis Yttervik Seetiangtham) 

http://files.zetta.no/www-nm-no/_bilete/unnamed.jpg 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no