Vil du skrive rapport om nynorsk i norske redaksjonar?

Noregs Mållag samarbeider med fleire andre institusjonar om ein pamflett om korleis redaksjonar kan auke bruken av nynorsk på papir, nett, i radio og på tv.
Det er utarbeidd ein førebels disposisjon som både inneheld gode føredøme ute i Medie-Noreg og konkrete arbeidsverktøy og -metodar redaksjonane kan nytte.
Gjennom informasjonshenting, samarbeid med dei ulike institusjonane som er med i prosjektet - og redaksjonar i landet som nyttar nynorsk i kvardagen, skal arbeidet munne ut i reportasjar og faktatekstar som til saman gjev eit oversyn over korleis redaksjonar som ønskjer å auke nynorskprosenten, konkret kan gå fram. I tillegg ønskjer vi at du lagar ei standardinnleiing (presentasjon og manus) bygd over rapporten. Du bør kunne levere foto frå reportasjane. Konkretisering av disposisjonen, rettleiing undervegs og redigering i etterkant vil skje saman med eit redaksjonsråd på 2–3 personar frå oppdragsorganisasjonane.
Vi reknar arbeidet til å vere om lag seks vekesverk, og fristen er 1. desember (men gjerne før). Prosjektet er plassert i ltr. 40–50 (statens lønsregulativ) alt etter bakgrunn og ansiennitet. Vi kan stille med arbeidsplass i Oslo om du ønskjer det. Du bør rekne med noko reising for å vitje ein del av redaksjonane du skal skrive om. Forventa omfang er 20–30 sider tekst.
Kontakt nestleiar og prosjektleiar Jens Kihl (992 31 490) for fleire opplysningar.
Frist: 13. juli.
|
|