Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sidemålsordninga vann 7-2 i Bergen

 (22.08.2017)

Det var god stemning og klart nynorskfleirtal både på scenen og blant publikum i aulaen i Litteraturhuset i Bergen i går, då Odda Mållag, Hordaland Mållag og Noregs Mållag inviterte til valmøte om nynorsken sin status som jamstilt skriftspråk.

Diskuterte sidemål: Liva Thiis, Helga Mannsåker, Magne Aasbrenn, Åse Wetås og Terje Breivik. (Foto: David Yttervik Seetiangtham)

Direktør for Språkrådet Åse Wetås snakka om sidemålsordninga som føresetnad for språkleg jamstilling. Mållagsleiar Magne Aasbrenn la fram dei fem krava som mållaget stiller til dei politiske partia før valet. Stipendiat Helga Mannsåker fortalde om trygge nynorskbrukarar i språkdelte ungdomsskular, og Terje Breivik, stortingsrepresentant for Venstre, fortalde om korleis ordninga med at elevar over heile landet må lære sidemål, sikrar rekrutteringa til nødvendige stillingar i nynorskkommunar. Til slutt i denne bolken fekk skuleelev Liva Thiis frå Odda trampeklapp etter at ho hadde fortalt om alle føremonene med å gå i nynorskklasse i ein språkdelt ungdomsskule.

Støtta Mållaget sine fem krav
Så inviterte møteleiar Vigleik Brekke eit panel på ni opp på scenen. Dei var Terje Breivik (V), Leif Sande (Ap), Liv Kari Eskeland (H), Gunvor Sønnesyn (KrF), Torkild Åmland (FrP), Øyvind Strømmen (MDG), Anna Sofie Ekeland Valvatne (SV), Terje Kollbotn(R) og Kjersti Toppe (Sp). Politikarane la fram sine reaksjonar på mållagskrava, og sju av ni parti støtta alle fem krav. Unntaka var Høgre og FrP.

Liv Kari Eskeland (H) var tydeleg på at på landsmøtet i partiet hadde ho røysta imot punktet i Høgres program om at det skal bli slutt på eigen karakter i sidemål. Nå ville ho likevel snakke opp "den vakre nynorske målforma". Torkild Åmland frå Framstegspartiet meinte målstriden var over, og at skuleelevar og andre heretter burde få velje heilt fritt om dei ville lære og bruke nynorsk eller ikkje.

Nynorsk=norsk verdi?
Sett bort ifrå H og FrP var dei andre representantane samstemde i å stø dei fem krava frå Mållaget. På spørsmålet om språkdelt ungdomsskule ("Odda-modellen") blei møteleiar Brekke veldig konkret. Svar ja eller nei, sa han - om det blir utgreidd at Odda-modellen vil koste 50 millionar kroner å gjennomføre, vil de røyste ja til å innføre han då? Det ja'et kom samstemd frå dei sju partia - men ikkje Høgre og Framstegspartiet kunne ikkje svare konkret ja eller nei.

Møtet ble avslutta med debattinnlegg og spørsmål frå salen. Nils Mæhle var spesielt opptatt av nynorskens stilling i Universitets- og høgskuleområdet, og Magne Aasbrenn utfordra Høgre og Framstegspartiet i høve den aktuelle debatten om "norske verdiar" og stilte spørsmålet om ikkje nynorsken er ein norsk, kulturell verdi som må få eit best mogleg vern.

Tre veker før valet gjennomførte arrangørane ein god debatt der alle involverte heldt på ein vennleg tone og avbrota var langt færre enn vi har blitt vane med å sjå som vanleg praksis hos partileiarane deira.

Om snaue tre veker er det val.


 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no