Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk i skolane og i lærarutdanninga

 (06.09.2017)

Jens Haugan og Høgskolen i Innlandet inviterer til Nynorskseminar i høve Forskningsdagane 2017. Det blir det fjerde seminaret i denne rekka, retta inn mot studentar, lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar og andre interesserte.

Seminaret er fredag 29. september kl. 10-15, Høgskolen i Innlandet, campus Hamar, auditorium 2. 

Det er det fjerde nynorskseminaret på Hamar på to år. At det no har blitt fire seminar på to år, viser at det finst eit behov for slike seminar. Nynorskseminaret har som mål å presentere både forsking og konkrete erfaringar frå praksisfeltet frå dei ulike skoleslaga og frå lærarutdanninga. Ein vil også få tips om litteratur og undervisningsopplegg. Seminaret rettar seg mot studentar, lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar og andre interesserte. Så langt har det vore eitt seminar om våren og eitt om hausten. Mens vårseminaret er meir ope når det gjeld tema, er haustseminaret knytt til det aktuelle temaet til dei nasjonale forskingsdagane. Temaet for Forskingsdagane 2017 er «verdiar».

Les heile programmet her: http://www.jenshaugan.com/nynorskseminaret/ 

På nynorskseminaret 29. september 2017 vil dosent Jens Haugan frå Høgskolen i Innlandet snakke meir generelt om nynorsk og verdiar frå ulike perspektiv.

Anders Aschim frå Høgskolen i Innlandet vil snakke om verdien av omsetjing. Heilt sidan Ivar Aasen, Elias Blix og Arne Garborg har omsetjing av verdslitteraturen til nynorsk stått som ei sentral oppgåve for målrørsla. Kva for motiv ligg bak denne omfattande innsatsen? Kva for verdiar har den omsette litteraturen tilført norsk språk og kultur?

Bjørn Sverre Kristensen frå Høgskolen i Innlandet vil snakke om verdien av nynorsk i folkemusikkforskinga og gje døme frå feltarbeid og formidling. Feltarbeidet føregjekk hos felemakarane på Sandland i Kviteseid. Det kan hende at ein også får høyre éin feleslått eller to.

Synnøve Skjong frå Høgskolen i Oslo og Akershus vil snakke om yrkesprofesjonelle haldningar til nynorsk og nynorsk som sidemål i eit tiårsperspektiv. I 2005 var 43 % av lærarstudentane på HiO heilt eller delvis einige i at det skulle vere skriftleg sidemålopplæring i nynorsk i grunnskolen. Kva meiner lærarstudentane i dag? Ein vil få ei samanlikning mellom haldningar til nynorsk og nynorsk som sidemål hos allmennlærarstudentane i 2005 og grunnskolelærarstudentane i 2016 i Oslo.

Elin Heggelund Ljungquist frå Vennersberg skole i Kongsvinger vil snakke om nynorsk som verdi i eit fleirkulturelt miljø i barneskolen og vise krafta i å leike seg med språk. Fokuset i føredraget vil vere på verdiar: nynorsk som verdi i barneskolen som utgangspunkt for språksamtalar, verdien av multimedia som støtte i nynorsk, verdien av høgtlesing av nynorsk for å kunne lese med samanheng og forståing, nynorsk som bruksspråk. Bruken av nynorsk skaper motivasjon, innsats, meistring og glede hos elevane.

Siri Vifladt frå Valdres vidaregåande skule vil snakke om korleis det er å vere lærar og ha to målformer i den same klassen. Kva utfordringar byr det på å ha elevar med ulike hovudmålformer i klassen, og korleis kan vi ta i var alle elevars rett til opplæring i og på begge målformene?

Marit Wadsten frå Nynorsksenteret vil snakke om nynorsk og lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter. Det blir vist at det går fint an å arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene på akkurat same måten som elles, berre at ein brukar nynorsk, både i tekstar som skal lesast og når tekstar skal skrivast. Dette blir eit veldig praksisnært føredrag med mange tips til undervisningsopplegg og eksempel frå klasserommet.

Aud Søyland var sekretær for nemnda som utarbeidde framlegg til ny nynorsk rettskriving og vil snakke om i kva grad den siste rettskrivingsreforma for nynorsk ikkje berre handla om grammatikk og ordformer, men også om verdival.

Det vil vere 10 minutt til open diskusjon og dialog etter kvart føredrag.

Seminaret er gratis, men vi ber likevel om bindande påmelding sidan vi har tenkt å servere ein enkel lunsj.

Kontakt/påmelding: Jens Haugan, jens.haugan@inn.no, tlf. 911 95 432

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no